Oppmodar elevar til aksjonar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir enn 500 elevrepresentanter frå heile landet møter statsminister, kunnskapsminister og kronprins på Elevtinget denne veka.

Allereie måndag ettermiddag fekk elevane høve til å grilla kunnskapsministeren. Mellom spørsmåla ho svarte på er at mange vidaregåande skular ofte ikkje set inn vikarar når lærarane er sjuke.

– Lærarlause timar undergrev respekten for flinke lærarar, svara Halvorsen og oppmoda elevane til å halda fram med aksjonar.

Sist fredag streika elevane ved dei vidaregåande skulane i Akershus mot lærarlause timar.

– Gjer dei som sit på fylkestinget merksam på korleis det er, sa Kristin Halvorsen og lova sjølv å stramma opp fylkeskommunane.

Den viktigste stemma i skulen
– Den viktigaste stemma i den norske skulen, det er det elevane som har, sa kunnskapsministeren til Elevtinget.

Ho sa samstundes at det ikkje er mange organisasjonar som får besøk av både kunnskapsminister, statsminister, kronprins og Høgre-leiar i løpet av så kort tid.

– Lærarane kan mykje om pedagogikk og politikarane kan sikkert mykje om det dei driv med også, men det er berre elevane sjølv som veit korleis det er å vera elevar. Det er me, elevane, som skal finna løysingar på problema me ser i skulen, sa Axel Fjeldavli, avtroppande leiar i Elevorganisasjonen då han opna Elevtinget i Oslo måndag ettermiddag.

– Lik rett til utdanning er ein bløff
– Lik rett til utdanning er ein bløff når elevane på byggfag må betala fleire tusen kroner av eigen lomme for å gå der, sa Axel Fjeldavli. Elevleiaren spurte òg om det er lik rett til utdanning når elevar blir tvinga til å flytta på hybel når dei er 16.

– Når elevar i Sogn og Fjordane og Hordaland har aksjonert mot skulenedleggingar, har det vore fordi det er eit åtak på visjonen om lik rett til utdanning. Me skal krevja at skulen skal vera gratis for alle, og uansett kor du bur skal du ha ein god skule å gå på.

LES OGSÅ: Fryktar auka fråfall

Betre læringsmiljø
Axel Fjeldavli tok òg opp læringsmiljøet i talen sin, og viste til at det manglar 64 milliardar kroner til opprusting av skulebygg, kvar tiande elev blir mobba og det er 30 elevar i same klasse, er det noko som ikkje heng på greip.

– Er veggene i klasserommet fulle av mugg  er det klart at det går ut over læringa. Ein elev som blir mobba trivst ikkje på skulen, sa han og utfodra Kristin Halvorsen til å ta ansvar.

LES OGSÅ: Størst framgang med godt læringsmiljø

Satsingsområde
I forslaget til dei tre hovudsatsingsområda for organisasjonen blir det føreslått at ein skal jobba for eit heilskapleg vurderingssystem, undervisingsevaluering og opprusting av verktøy for yrkesfaga.

Det er venta at det vil bli debatt om det blir andre saker blant dei viktigaste hovudsatsingsområda.

– Meir elevinnflyting, rett til godt læringsmiljø og tilpassa opplæringa vil alltid liggja i botn for det me skal arbeida for, seier Axel Fjeldavli til Framtida.no.

Følg Elevtinget på NettTV!

Kva synest du er det viktigaste for at den vidaregåande skulen skal bli betre?