Glede og skuffelse – og håp for 2013

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er høgast på ønskelista

Ingrid Aas Borge, leiar, Changemaker

Kva har gleda deg mest i 2012?

– Changemaker har fått oppleva to store sigrar i året som har gått. Regjeringa har lova oss ein gjeldsrevisjon, for å finna ut om Noreg har urettferdige lån uteståande. Lån gjeve til diktatorar og som no må nedbetalast av folkesetnaden, med pengar som heller burde gå til skule og helse. Vi har òg fått lovnader om at Noreg skal sikra seg at norske selskap ikkje skal snyta på skatten i fattige land, såkalla ”land-for-land-rapportering”.

Kva har skuffa deg mest i 2012?

Klimatoppmøtet i Doha. At dei rike landa, oljenasjonar som Noreg, som har historisk ansvar for dei farlege klimaendringane som ramma fattige land hardast i dag, ikkje tek ansvar og sørgjer for å leggja pengar og løysingar på bordet. Som om vi ikkje har råd til det?

Kva er det største ønsket ditt for 2013?

– Eit meir etisk oljefond. At våre norske pensjonssparepengar ikkje skal tenast på bekostning av velferda til menneske i utviklingsland. Viss Noreg verkeleg meiner vi respekterer menneskerettar og etikk må vi òg visa det ved å seia at vi ikkje skal håva inn pengar til kvar og ein pris! Vi må slutta å investera pengar i dei mest snuskete selskapa.

Charlott Nordström, leiar, Røde Kors Ungdom

Kva har gleda deg mest i 2012?

– Då leiarane i ungdomspartia AUF, Unge Høgre, Sosialistisk Ungdom, Raud Ungdom, Senterungdommen, Grøn Ungdom, Unge Venstre og Kristeleg Folkepartis Ungdom gav støtta si til Røde Kors Ungdom-kampanjen for eit forbod mot atomvåpen, og uttalte at dei ynskjer å leggja press på sine respektive moderparti.

Kva har skuffa deg mest i 2012?

–  Stortingsmeldinga om born på flukt. Vi ynskjer at einsleg mindreårige asylsøkjarar skal handsamast i samsvar med barnekonvensjonen. Omsynet til beste til barnet må alltid gå føre politiske omsyn

Kva er det største ønsket ditt for 2013?

– At færre unge opplever å vere åleine og mangle nettverk, og at det ikkje lenger er tabu å snakka om einsemd som ung. Som ung er ein ekstra utsett for å oppleve einsemd. Difor er det viktig at det blir snakka om og at vi blir flinkare til å sjå og inkludere kvarandre i året som kjem.

Harald Sakarias Hansen, leiar, Spire

Kva har gleda deg mest i 2012?
– Det har skjedd mykje positivt i år, men eg vart spesielt glad då regjeringa sa nei til genmodifisert raps i statsråd like før jul.

Kva har skuffa deg mest i 2012?
– At media og det norske folk ikkje tek klimatrusselen på alvor. I tillegg at det kom såpass lite handfast ut av Rio og Doha.

Kva er det største ønsket ditt for 2013?
– At regjeringa oppnemner eit framtidsombod – eit ombod for framtidige generasjonar. Solidaritet med komande generasjonar er heilt fråverande i dagens samfunnsforvaltning, og det er på tide å etablera eit ombod som sikrar interessene til dei som enno ikkje er fødde. Spire skal i februar presentera eit konkret forslag til korleis dette kan implementerast.

Vebjørn Sture, leiar, Norsk Målungdom

Kva har gleda deg mest i 2012?
– Det har vore mykje å gle seg over. NMU ligg an til solid medlemsvekst, me har fått gjennomslag for ynsket om Wordfeud på nynorsk, og ikkje minst har landsmøta i både AUF, Unge Venstre og Senterungdommen gjort framifrå vedtak i sidemålssaka. Det kan visa seg å verta svært viktig.

Kva har skuffa deg mest i 2012?
– Kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Det er heilt surrealistisk at me har måtta kjempa heile året for å avgrensa kor mykje sidemålet vert kutta, når både statsråden og alle regjeringspartia har gått til val på å styrkja sidemålsopplæringa. Sjølv om læreplanutkastet som no er på høyring ser betre ut enn frykta, ligg det framleis an til eit løftebrot som ikkje liknar grisen.

Kva er det største ønskjet ditt for 2013?
– Nynorsken treng ei solid sidemålsordning – med likestilte kompetansemål for nynorsk og bokmål, mykje tidlegare sidemålsstart, og separate standpunkt- og eksamenskarakterar for begge skriftspråka. Så ynsket mitt er at Kristin Halvorsen tek konsekvensen av dette, og innfører ein læreplan som er i tråd med sidemålslovnadene frå partiprogrammet hennar.

Axel Fjeldavli, leiar, Elevorganisasjonen

Kva har gleda deg mest i 2012?

– At vi kunne stå på statsbudsjettdagen og vera relativt nøgde med utfallet av skule-delen av statsbudsjettet. Det viser at vi har blitt tatt på alvor undervegs. Glade, men ikkje tilfredse.

Kva har skuffa deg mest i 2012?

– At politikarane ofte syner ei grunnleggjande mistillit til elevane. Forslag om kunstige fråversgrenser og tilfeldige narkorazziaer får overraskande stor støtte. 

Kva er det største ønsket ditt for 2013?

– Eg håpar stortingsmeldinga om Kunnskapsløftet som kjem til våren ikkje berre blir en endå ei "retningsmelding" med byråkratbambus. Skulen treng konkrete grep for at elevane skal lære meir og for at fråfallet skal gå ned. Særleg på yrkesfag.

Øyvind Berdal, leiar, Norsk Studentorganisasjon

Kva har gleda deg mest i 2012?
– Det var viktig for oss at regjeringa vidareførte ordninga med deltidssjukemelding, men den bør gjerast permanent, det er ingen grunn til at studentar ikkje skal ha høve til å vera sjukemelde som ein vanlig arbeidstakar.

Kva har skuffa deg mest i 2012?
– Statsbudsjettet. Regjeringa har lova norske studentar heiltidsstudenten i mange år, og dette var siste sjanse før valet til å levera på sine løfte. 

Kva er det største ønsket ditt for 2013?
– At regjeringa gjer det muleg å studera på heiltid, følgjer opp satsinga si på studentbustader ved å auka til 3000 bustader på neste budsjett, og gjer noko med bygga utdanningsinstitusjonane tilbyr studentane sine, dei forfell og det trengst nye bygg og utstyr.

Andreas Halse, leiar, Sosialistisk Ungdom

Kva har gleda deg mest i 2012?
– Å bli vald til leiar i Sosialistisk Ungdom.

Kva har skuffa deg mest i 2012?
– Regjeringa si ukritiske bruk av tvungen lønnsnemnd mot streikande arbeidarar ved fleire høve og at Noreg held fram å senda born ut av landet til ei særdeles usikker framtid. 

Kva er det største ønsket ditt for 2013?
– Valsiger.

Sveinung Rotevatn, leiar, Unge Venstre

Kva har gleda deg mest i 2012?
– Det som gleda meg mest i 2012 var at Nobels fredspris omsider gjekk til EU. Det var på høg tid at Europas viktigaste fredsprosjekt fekk anerkjenninga det fortener. Og ikkje minst var det ein viktig motivasjon til vidare integrasjon i det som er vanskelege økonomiske tider for verdsdelen vår.

Kva har skuffa deg mest i 2012?
– At regjeringa ikkje klarte å setja i gong det løftet for rusomsorga som vart tilrådd frå Stoltenberg-utvalet. Det var særleg eit vonbrot at Ap, og dermed regjeringa, sa nei til å forsøke heroinassistert behandling for dei tyngste misbrukarane. Eg hadde venta at ein omsider skulle kunne sjå forbi gamle, moralistiske skylappar og setja i gong hjelpetiltak for dei som treng det. Det skjedde ikkje. 

Kva er det største ønsket ditt for 2013?
– At Venstre gjer eit godt stortingsval. Og så stiller eg jo til val sjølv, så eg håpar veljarane i Sogn og Fjordane vil gje meg tillit til å sitje på Stortinget. 


Elisabeth Løland, leiar, Kristeleg Folkepartis Ungdom

Kva har gleda deg mest i 2012?
– Det høyrest kanskje litt nerdete ut, men det må faktisk vera avgjersla om at Noreg skal gjera ein gjeldsrevisjon. Vi skal altså gå igjennom alle lån vi har gitt til andre land og sjå om nokre av dei låna er urettferdige. No blir jobben å få dei låna som viser seg å for eksempel vera gitt til diktatorar, men som blir betalt av fattige folk, sletta.

– Kva har skuffa deg mest i 2012?
– At resultatet frå klimaforhandlingane i Doha blei et einaste stort svik mot verdas fattigaste og mest utsette.  

Kva er det største ønsket ditt for 2013?
– Seriøst største ønske: slutt på fattigdom.

– Seriøst trur er mulig: færre fattige.

Kva har gleda og skuffa deg mest i 2012? Og kva er høgast på ønskjelista di? Del meiningane dine i kommentarfeltet!