Ståande applaus for sidemål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtalet i sentralstyret til AUF fekk fleirtalet mot seg då landsmøtet skulle bestemma seg om det framleis skal vera eigne karakterar i sidemål. På førehand hadde sentralstyret med elleve mot to stemmer innstilt på slå saman karakterane i sidemål og hovudmål, og leggja sterkare vekt på hovudmålet.

I debatten på torsdagen var det fleire som tok ordet for å halda på eigen karakter i sidemål. Då redaksjonskomiteen behandla forslaga som kom inn, landa fleirtalet på å halda fram med eigne karakterar i sidemål og hovudmål. Fleirtalet gjekk òg inn for å programfesta at ein skal byrja tidlegare med sidemål på skulen.

Guri Kvalsvik frå AUF i Møre og Romsdal tvitra dette rett etter vedtaket:

– Kan med STOR gelde meddele at landsmøtet nettopp vedtok at AUF meiner at elevar framleis skal vurderast med eigen karakter i sidemål.

LES OGSÅ: Lekser og sidemål på landsmøtet

Leksefri skule
Rett før avstemminga om sidemål, hadde landsmøtet stemt over leksefri skule. Det blei så jamt at tellekorpset måtte kallast ut.

Av dei 350 delegatane, stemte 190 delegatar for ein leksefri skule.

Det blei òg fleirtal for at alle frå 10. trinn og ut vidaregåande skule får tilbod om klamydiatest som ein del av seksualundervisinga. Dette skjedde mot redaksjonskomiteen si innstilling.

Seinare vedtok AUF med knapt fleirtal motstand mot surrogati i Noreg.

LES OGSÅ: Streikar mot lekser

Landsmøtet vedtok òg at dei ønskjer ein nedtrappingsplan for oljeindustrien.

Stemmerett for 16-åringar
Fleirtalet i AUF meiner og det er på tide med 16-årig stemmerett i kommune- og fylkestingsvalet.

– No har me hatt ei rekkje prøveprosjekt, inklusive i min heimkommune, Stavanger. Det me ser er at valdeltakinga blant 16-åringar er mykje høgare enn andre. Det er ein bra ting. Eg meiner at ein skal gje ungdom påverknadskraft. La ungdom bestemma om dei skal ha ein ordførar som vil kutta i skuletilbodet, eller rusta opp skulen deira. Då blir det kanskje umuleg å leggja ned bibliotek, selja kinoar og innføra høgre-lavvo-skular i Bergen, sa sentralstyremedlem Hilde Firman Fjellså.

Her kan du følgja landsmøtet på nettTV!