Viktoria A. Dahl (SV) meiner det er viktig å planleggje seg til kortare transportavstandar.

mm
Faktaboks

Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom har laga ei sjekkliste som veljarane kan bruka til å utfordra lokalpolitikarane sine på miljø og klima. Framtida.no har tatt utgangspunkt i sjekklista, og spurt unge kandidatar i fylkestingsvalet i Hordaland om kva dei meiner om miljø, kollektivtrafikk og klimatiltak:

Solfrid Burkeland Smith (Sp): 25. august

Bjørnar Hamre (V): 26. august

Lone Lunemann Jørgensen (R): 28. august

Silje Hjemdal (FrP): 29. august

Viktoria A. Dahl (SV): 31. august

Rasmus L. Rasmussen (Ap): 1. september

Hans Nyvold Kjellby (H): 5. september

Vegard Ask (KrF): 6. september

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva vil du og partiet ditt gjera for å kutta klimagassutsleppa i Hordaland?

– Eit veldig viktig tiltak for at klimagassutsleppa skal gå ned, er å korte ned på transportavstandane. Det vil seie at når ein skal byggje ut eller om, skal omsyn til avstandane alltid blir vektlagt tungt. Dette er til dømes avstanden til barnehagen eller skule. Eit anna tiltak er å tilretteleggje for syklande og gåande. Vi i Hordaland SV ynskjer òg at Bybanen skal gå ut til alle bydelar i Bergen og å redusere den private bilbruken.

Vil de fase ut oljefyring i alle fylkeskommunale bygg innan 2015?

– Ja.

Vil de gjennomføra omfattande ENØK-tiltak i fylkeskommunen?

– Ja.

Vil de skifte ut den fylkeskommunale bilparken med utsleppsfrie transportmiddel, som elbilar og biodrivstoffbilar?

– Ja.

Vil de innføra månadskort til 200 kroner for ungdom og studentar?

– Ja.

Vil de leggja til rette for auka satsing for kollektivtrafikken?

– Ja.

Vil de avgrensa biltrafikken i fylket?

– Ja.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

ANNONSE