Slik vil Solfrid gjera Hordaland grønare

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva vil du og partiet ditt gjera for å kutta klimagassutsleppa i Hordaland?

– Me vil føra ein restriktiv parkeringspolitikk i Bergen sentrum. I tillegg vil me å satsa på kollektivtransporten med bybana og andre kollektive transportmiddel. Me vil også byggja eit samanhengande transportsystem som kan bidra til reduert klimagass utslepp.

Vil de fase ut oljefyring i alle fylkeskommunale bygg innan 2015?

– Senterpartiet meiner at alle nye offentlege bygg skal ha vassboren varme, for å kunne nytta bioenergi.

Vil de gjennomføra omfattande ENØK-tiltak i fylkeskommunen?

– Senterpartiet vil arbeida for ENØK tiltak i alle fylkeskommunale bygg, jf. klimaplanen. I tillegg ønskjer SP å selja konsesjonskrafta Hordaland Fylkeskommune disponerer. Inntektene frå dette, skal nyttast til ENØK-tiltak.

Vil de skifte ut den fylkeskommunale bilparken med utsleppsfrie transportmiddel, som elbilar og biodrivstoffbilar?

– Sp vil leggja til rette for ei auke i bruk av el-bilar og biodrivstoffbilar over heile landet, det gjeld også Fylkeskommunen.

Vil de innføra månadskort til 200 kroner for ungdom og studentar?

– Senterpartiet vil utvida ordninga med ungdomskort til 21.år. Det er ikkje programfesta kva månadspris ungdomskortet/månadskortet skal ha.

Vil de leggja til rette for auka satsing for kollektivtrafikken?

– Senterpartiet vil auka satsinga på korrespondanse mellom ulike kollektive transportmiddel, for på den måten å få fleire til å reisa kollektivt. Per i dag er dette alt for dårleg. Me vil satsa på vidare utbygging av bybana til alle bydelar i Bergen og omliggjande kommunar.

Vil de avgrensa biltrafikken i fylket?

– SP vil byggja kraftig ut innfartsparkeringa rundt Bergen, i kombinasjon med styrking av kollektivtilbodet. Sp vil også føra ein restriktiv parkeringspolitikk i Bergen sentrum.

Vil de leggja til rette for produksjon av fornybar energi?

– SP vil auka tilgongen på fornybar energi gjennom å utnytta ordninga med grøne sertifikat. Me vil også utnytta vassenergien i fylket vårt fult ut. I tillegg skal me følgja opp klimaplanen gjennom årlege budsjettløyvingar, med tanke på produksjon av fornybar energi.

LES OGSÅ: Store forskjellar i prisen på ungdomskort

Faktaboks

Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom har laga ei sjekkliste som veljarane kan bruka til å utfordra lokalpolitikarane sine på miljø og klima. Framtida.no har tatt utgangspunkt i sjekklista, og spurt unge kandidatar i fylkestingsvalet i Hordaland om kva dei meiner om miljø, kollektivtrafikk og klimatiltak:

Solfrid Burkeland Smith (Sp): 25. august

Bjørnar Hamre (V): 26. august

Lone Lunemann Jørgensen (R): 28. august

Silje Hjemdal (FrP): 29. august

Viktoria A. Dahl (SV): 31. august

Rasmus L. Rasmussen (Ap): 1. september

Hans Nyvold Kjellby (H): 5. september