Dette vil Lone gjera for å kutta utsleppa

Sjå korleis Lone Lunemann Jørgensen frå Raudt vil gjera Hordaland grønare.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette vil Lone gjera for å kutta utsleppa i Hordaland

Kva vil du og partiet ditt gjera for å kutta klimagassutsleppa i Hordaland?

– Raudt vil at vi skal gå bort fra miljøfiendtlig oljeproduksjon og heller satse på fornybar energi, slik som vasskraft, solcellepanel på offentlege bygg og restriktiv utbygging av småkraftverk. Raudt vil dessutan bygge ut fjernvarmenettet, og satse på miljøvennleg modernisering av kraftproduksjon og -nett.

–  Ved sida av å satsa på fornybar energi, vil Raudt gjere mest mogleg for å kutta i utsleppa fra bilismen. For å få til dette må kollektivsystemet bli bedre, billegare og meir tilgjengeleg i heile fylket.

– Vil de fase ut oljefyring i alle fylkeskommunale bygg innan 2015?

Ja. Raudt er for at alle offentlege bygg skal ha eigne solcellepanel, i tillegg til å bruke fjernvarmenett.

Vil de gjennomføra omfattande ENØK-tiltak i fylkeskommunen?

– Ja.

Vil de skifte ut den fylkeskommunale bilparken med utsleppsfrie transportmiddel, som elbilar og biodrivstoffbilar?

– Ja.

Vil de innføra månadskort til 200 kroner for ungdom og studentar?

– Raudt meiner at månadskortet for ungdom og studentar kan vere gratis.

Vil de leggja til rette for auka satsing for kollektivtrafikken?

– Ja. Raudt vil bygge ut bybanen til alle bydelar i Bergen, og til nabokommunane. Raudt er óg for fleire skolebussar. Vi vil ha eit universelt utforma billettsystem for kollektivtransporten, som kan gjere det enklare for folk å bruke kollektivtilbodet. Raudt er óg for fleire og billegare buss- og togavgangar i fylket.

– Raudt meiner at ein føresetnad for å få til dette er at fylket tek over drifta av Skyss. Det er det offentlege sitt ansvar å drive kollektivtransporten. Det er naudsynt å bruke pengar på god offentleg kollektivtransport, både av omsyn til folk og klima.

Vil de avgrensa biltrafikken i fylket?

– Ja. Raudt går mot fleire store vegprosjekt, og vil satse på kollektive løysingar istaden.

Vil de leggja til rette for produksjon av fornybar energi?

Ja. Raudt er satsing på energi fra vasskraft, solcellepanel i offentlege bygg og restriktiv utbygging av småkraftverk.

Faktaboks

Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom har laga ei sjekkliste som veljarane kan bruka til å utfordra lokalpolitikarane sine på miljø og klima. Framtida.no har tatt utgangspunkt i sjekklista, og spurt unge kandidatar i fylkestingsvalet i Hordaland om kva dei meiner om miljø, kollektivtrafikk og klimatiltak:

Solfrid Burkeland Smith (Sp): 25. august

Bjørnar Hamre (V): 26. august

Lone Lunemann Jørgensen (R): 28. august

Silje Hjemdal (FrP): 29. august

Viktoria A. Dahl (SV): 31. august

Rasmus L. Rasmussen (Ap): 1. september

Hans Nyvold Kjellby (H): 5. september