Set krav til fleire læreplassar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Strengare krav til sjukehusa

Regjeringa lanserte i går ei rekkje krav til dei regionale helseføretaka. Eit av krava var at føretaka må ta inn fleire lærlingar.

– Dette vil gje fleire læreplassar, betre sjukehustilbod og gje fleire ungdommar høve til å fullføra utdanninga si, seier leiar i AUF, Eskil Pedersen, til auf.no.

Krava går ut på at dei regionale helseføretaka skal leggja til rette for å auka talet på læreplassar for elevar i vidaregåande opplæring i helseføretaka.

Utolmodige
Arbeidarpartiet har programfesta lovfesta rett til læreplass. AUF er nøgde med dagens tiltak, men meiner arbeidet for å skaffe læreplass til alle må intensiverast frå regjeringa.

LES MEIR: Utan læreplass på sjukehus

– Neste skritt blir å lovfesta retten til læreplass. Då treng me fleire læreplassar og vedtaket frå helseministeren er difor veldig positivt, seier Pedersen.

– Me i Fagforbundet er svært glade over at helseministeren vel å handla. Me har prata lenge nok, og no kjem resultata. Det er gledeleg, seier nestleiar Geir Mosti i Fagforbundet i ei pressemelding.