Årets Operasjon Dagsverk: – Usikre på om me kom til å kunne gjennomføra
Leiaren i Operasjon Dagsverk er nøgd med talet på påmelde elevar, men fortel om skular som synest det er for vanskeleg å bli med i år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mykje har forandra seg i løpet av året og i starten var me veldig usikre på om me kom til å kunne gjennomføra, seier Sunniva Roligheten, leiar i Operasjon Dagsverk.
29. oktober skal skular over heile landet delta i den årlege Operasjon Dagsverk og Roligheten ser no lyst på situasjonen, fordi dei har omstilt seg og nådd fram med informasjon til skulane.
I år oppmodar dei OD-elevane til å vere kreative og skape sine eigne arbeidsplassar via Bidra.no, som kallar seg «hele Norges nettsted for folkefinansiering og gode gjerninger».
Håpar på 90.000 elevar
Årets Operasjon Dagsverk-pengar går til Strømmestiftelsen sitt prosjekt «Push grensene!». Prosjektet handlar om å gje traumebehandling og utdanning til sørsudanske flyktningar i Nord-Uganda.
Sør-Sudan vart ein sjølvstendig stat i 2011, etter fleire tiår med krig. I 2013 vart det borgarkrig på ny og til no har 2,2 millionar menneske flykta frå Sør-Sudan til landa i nærleiken. Mange av desse bur no i flyktningleirar i Nord-Uganda.
Som ein del av «Push grensene!» satsar òg Strømmestiftelsen på dialogprosjekt mellom lokale ungdommar og flyktningar.
Operasjon Dagsverk har i år satsa på undervisningsopplegg og digitale foredrag, slikt at elevane framleis kan få læra om verda.
Roligheten fortel at dei er blitt kontakta av mange skular som har lurt på korleis i alle dagar dei skal løyse årets OD-dag, mange slit med å finne arbeidsplassar og nokre har funne ut at det er så vanskeleg at dei heller vil vere med til neste år.
Resultatet er at det no er rett over 87.000 påmelde elevar. Roligheten håpar på at dei endar på rundt 90.000, som ho peikar på at er eit høgt tal.
Til samanlikning deltok 106.000 elevar på OD-dagen i fjor, som var eit godt år.
Følg smittevernråda
OD-leiaren medgjev at det er litt kjipt at OD-dagen i dag vert litt annleis enn vanleg.
– Eg kjenner til elevar som har fått fast jobb gjennom OD, eller som har fått veldig kule erfaringar, seier Roligheten.
Ho peikar på at sjansen vil by seg att til neste år og at det kan vere mogleg å jobbe ute i ei bedrift, dersom det er lite smitte.
Rådet deira er uansett å halde seg til smittevernreglane frå Folkehelseinstituttet og dei lokale myndigheitene, samt følgje med på korleis situasjonen endrar seg.
Etter at intervjuet vart gjort har regjeringa strama ytterlegare inn og det er kome strengare retningslinjer i byar som Oslo.
- Er du usikker på kva som er innanfor og ikkje på munnbind-fronten? Her får du svar på alle spørsmåla dine!
Ver kreativ
OD-leiaren rår også bedrifter som ikkje kan ta inn elevar i år, til å gå inn på Bidra.no og finne ut korleis dei kan bidra på andre måtar.
Også elevane oppmodar ho til å vere kreative, finne sine eigne styrkar og bruke dei.
– Ein kan teikne karikaturteikningar. Eg har sett ei på Finn.no som teiknar portrett, du kan skifte bildekk, eller om du er sjukt flink på Youtube kan du laga eit opplegg der. Tenk «kva er eg god på og korleis kan eg gjere det til ein OD-jobb?», slik kan du gjere noko som er gøy og samstundes gjere ein innsats for unge på flukt frå Sør-Sudan.
- Les også intervjuet med Daniel (17) og Mukamba (16), som mistar skulegang fordi dei må jobba i gruver: – Det største problemet er at det er vanskeleg å puste