Uroa for at Russland skal ta kontroll over ukrainske atomanlegg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det som bekymrar mest, er derimot dei mange andre verksame reaktorane som sørgjer for store delar av elektrisiteten folk i Ukraina treng.

Ukraina får halvparten av straumforbruket sitt dekt av dei 15 reaktorane. Astrid Liland, avdelingsdirektør for beredskap i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), understrekar at dei har eit anna design enn anlegget der ulykka skjedde i 1986.

– Så vi vil ikkje få akkurat det same ulykkesforløpet og ikkje så store konsekvensar som ved ulykka i Tsjernobyl, seier Liland.

Tidenes verste atomulykke

Reaktor 4 ved kjernekraftanlegget i Tsjernobyl eksploderte natt til 26. april 1986 i samband med testing under eit årleg vedlikehald. Dette blir rekna som den verste atomulykka nokosinne.

Etter kvart vart reaktoren dekt av ein sarkofag. Langt på overtid, og då dette skalet heldt på å gå i oppløysing, gjorde eit internasjonalt samarbeid at ein ny, ti meter tjukk stålsarkofag kom på plass i 2016.

Også etter dette har det vore strenge restriksjonar på rørsler i området – som likevel har vore eit ynda mål for turistar som siktar mot å oppleve noko litt utanom det vanlege.

Erobra av russarane

Torsdag kveld opplyste Ukrainas president via ein rådgivar at russiske styrkar har erobra det tidlegare atomkraftverket, som ligg rundt 13 mil nord for hovudstaden Kyiv.

Då var status og tilstand for anlegget ikkje kjent.

– Styrkane våre ofrar livet for å hindre ei gjentaking av tragedien frå 1986, skreiv Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj på Twitter tidlegare torsdag.

Kan bli kvervlsa opp

Det er mykje radioaktiv forureining i området, forklarer Liland.

– Trefningar kan føre til at det blir kvervla opp og spreier seg i nærområda. Sjølve ulykka er ikkje mogleg å attskape, for reaktorane der er ikkje i drift, seier ho til NTB.

Ved skogbrannar i området har radioaktiv forureining vorte kvervla opp. Med kjenslevare måleinstrument har DSA kunna registrere dette òg i Noreg.

– Det er så ørsmå mengder at det ikkje har betydning for liv og helse, men for folk i nærområdet vil det ha større betydning, seier avdelingsdirektøren.

Meir bekymra for dei andre

Men DSA er altså meir bekymra for dei 15 andre reaktorane som framleis er i drift i Ukraina, blant dei det største anlegget for atomkraft i Europa.

– Tryggleiken er avhengig av kvalifiserte personell og av kritisk infrastruktur som straum og vatn. Vår bekymring er at dei ikkje får straum og vatn, eller at tilsette ikkje kjem seg på jobb. Dersom anlegga blir tekne over at militære styrkar, er det uvisst kva som kan skje. Det er ikkje kven som helst som kan drive eit kjernekraftverk, seier Astrid Liland.

Kan få konsekvensar

Samtidig vil det kunne få store konsekvensar for Noreg dersom vinden blåser hitover.

Avdelingsdirektøren trekkjer òg fram at ein tidlegare ikkje har noka erfaring med aktive kamphandlingar i land med operative kjernekraftverk

– Så vi er jo bekymra for det, seier Astrid Liland.

Etter Krim-krisa i 2014 mista ukrainske styresmakter kontrollen over ei rekkje radioaktive kjelder som blir brukte i forsking, medisin og industri, og DSA er no òg bekymra for at slikt kan komme på avvegar og misbrukast.


Røyk og flammar frå ruinane av eit av husa som stod i utkanten av Kyiv, som vart angripe 24. februar 2022. Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky