Politikk og samfunn

«Om vi ikkje står opp mot den imperialistiske krigshissinga til Trump er kontinentet vårt fortapt»

Den fascistiske valden vi i dag aksepterer i det globale sør vil snart bli retta mot oss her i det globale nord, skriv Lars Øvergaard.

Lars Øvergaard (27)
Aktivist i Latin-Amerikagruppene (LAG)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Merk: Framtida.no publiserte ein tidlegare versjon av innlegget med inngangen “Laurdag 3. januar bomba USA Venezuela(…)” Det er oppdatert til “På årets tredje dag bomba USA Venezuela(…)”.

På årets tredje dag bomba USA Venezuela og kidnappa presidenten deira. Dette etter fleire månader med bombing av små fiskeskuter i Karibia og mange år med økonomisk terrorisering av landet. Dei aktar no å stille Maduro for retten for narkoterrorisme.

Hykleriet er ikkje til å fatte.

Leila Khaled, ein kjent leiar for den palestinske frigjeringsrørsla, kom nokre år tilbake med følgande fråsegn i eit intervju:

«Dei [USA] snakkar ofte om terrorisme, men det er i røynda dei som er dei største terroristane. Dei tvingar sin imperialistiske vald over heile verda: i Irak, i Syria, i forskjellige land. No førebur dei seg på angripe Kina. Alt dei skyldar på terroristane er brot dei sjølv må stå til ansvar for.»

Vi vil måtte betale

Same år som Khaled blei intervjua, i 2023, skreiv Jens Stoltenberg, saman med Ursula von der Leyen og Charles Michel, ei felles fråsegn omkring samarbeidet mellom EU og NATO. I fråsegna heiter det at «Vi vil stå saman i mobiliseringa av alle middel, politiske, økonomiske og militære, for å fremme våre felles interesser for å tene våre tusen millionar borgarar.»

Året etter blei Jens Stoltenberg spurt av NRK-journalist Yama Wolasmal om kvifor Kina, som ikkje har invadert noko land på 40 år, plutseleg har blitt ein trugsel mot NATO.

Han svarte staut: Dei deler ikkje våre verdiar.

quote-left

Folk flest i det globale nord vil måtte betale konsekvensane for denne grufulle brutaliseringa av våre samfunn

quote-right

Om den politiske, økonomiske og militære støtta NATO-landa har gitt til Israel i deira folkemord på det palestinske folk fremmer våre felles interesser er dette heilt forkasteleg.

Om vi ikkje står opp mot den imperialistiske krigshissinga til Trump er kontinentet vårt fortapt.

Våpenindustrien og storkapitalen er sjølvsagt tent med dette brutale barbariet, men folk flest i det globale nord vil måtte betale konsekvensane for denne grufulle brutaliseringa av våre samfunn.

Valden vil bli retta mot nord

Aimé Césaire forklarte for 75 år sidan korleis ein aksept av den koloniale valden vi no vitnar brutaliserer det europeiske kontinentet. Den fascistiske valden vi i dag aksepterer i det globale sør vil snart bli retta mot oss her i det globale nord.

Han fortel korleis, «vi støtta opp under nazismen før vi leid under han, før vi blei offer for nazismen har vi vore han medskyldig, vi fritok han, vi lukka auga for han, vi legitimerte han, fordi den fascistiske valden først berre var retta mot menneske i det globale sør, og ikkje mot oss.»

Vår næraste allierte, leiaren for denne såkalla frie verda, Sambandsstatane i nord, retter framleis sin fascistiske vald mot det globale sør, og ikkje mot oss.

Men om vi held fram med å frita, legitimere og bortforklare dette grufulle, vil vi ikkje vere spart for valden.