«Vi kan kontrollere plattformene, algoritmane og marknadsføringa som skjer»
Eg vil utfordre statsrådane til å vurdere moglegheita for å forby all marknadsføring mot barn, skriv leiar i Press – Redd Barna Ungdom.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.
Endeleg tek regjeringa grep for å verne barn og unge på sosiale medium ved å jobbe mot eit forbod mot reklame for usunn mat retta mot barn.
Det er ein siger for oss at regjeringa tek eit oppgjer med aktørane som er ute etter å tene pengar på barn og unge, utan å vurdere kva som er til barns beste. Utviklinga i marknadsføringa av energidrikke og usunn mat er skremmande, og har påverka forbruket til barn og unge. Dette er eit stort steg i rett retning og vi håpar på at regjeringa held fram med å ta avgjerder som dette, for å verne barn og unge mot marknadsføring.
Dette forslaget viser at regjeringa har høve til å faktisk løyse utfordringane barn og unge møter på sosiale medium gjennom regulering av plattformene, framfor å stengje dei ute gjennom aldersgrense og BankID. Sosiale medium har vorte ei for viktig plattform i samfunnet vårt til at vi kan stengje barn og unge ute og konsekvensane ved å gjennomføre det er for store.
Vestre skildrar målet som «ei tydeleg forskrift som klargjer ansvaret og gir effektive moglegheiter for sanksjonar – til det beste for barn og unge.» Dette målet håpar eg han tek med seg inn i alle former for marknadsføring mot barn og unge.
Gjennom den årlege kampanjen vår Gullbarbie, har vi i eit tiår sett lys på marknadsføringsbransjen si utnytting av barn og unge sine usikkerheiter. For det er ikkje berre matvareprodusentar som marknadsfører skadeleg innhald mot barn og unge. Gullbarbie er ein pris som blir gitt til marknadsføringsaktørar som er «best til å få ungdom til å kjenne seg verst».
● Les også: Ultra-fast fashion-gigant får årets Gullbarbie
Vi er nøydde til å gjere sosiale medium til trygge plattformer for barn og unge, framfor å innføre tiltak som stengjer barn og unge ute. Eg rosar helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun for deira arbeid med det forslaget. Eg håpar likevel at dei vil implementere liknande løysingar for sosiale medium, framfor å stengje barn og unge ute med ei verifiserbar aldersgrense.
Dette forslaget beviser det Press har stått på barrikadane for i det siste – at vi kan kontrollere plattformene, algoritmane og marknadsføringa som skjer. Det er ikkje umogleg.
Eg vil også utfordre statsrådane til å vurdere moglegheita for å forby all marknadsføring mot barn. Press har jobba for ein ikkje-kommersiell oppvekst for barn i mange år. Det er bra at regjeringa endeleg tek grep, men vi krev meir.
Alle barn burde få ein ikkje-kommersiell oppvekst og det kjem Press aldri til å slutte å jobbe for. Vi håpar politikarane gjer det same.