Skrivekonkurranse

«Å gi tilgang til sosiale medium til ein 10-åring, er som å gi ein hund kattemat. Heilt feil.»

Elisa Skogrand meiner det burde vera strengare for barn å vera på sosiale medium. Innlegget er eit bidrag i skrivekonkurransen «Grenser i ei digital verd», som har fått heiderleg omtale av juryen.

Elisa Skogrand (15)
Publisert

Skrivekonkurransen «Grenser i ei digital verd» er arrangert av Framtida.no, Magasinett og Nynorsksenteret.

Dei yngre generasjonane blir eldre og eldre. Bokstaveleg talt. Når eg går ut på gata ser eg 12 år gamle barn som ser ut som om dei er 5 år eldre. Klesstil som eg ønskjer meg, ofte køyrande på sparkesykkel med 15-års aldersgrense.

Då eg og vennene mine var 12, var alt som betydde noko: Lego, Barbie og hestar. Går dagens barn glipp av mange års leiking, og det å vera eit barn utan bekymringar?

Barbie og Ken har fått ein merksemdskandidat: Mobilen.

Mobilen har hatt ein revolusjon. På svært kort tid har han teke over mykje. Mykje bra, men også mykje dårleg. Eg er bekymra for korleis mobilen og sosiale medium tek over verda, og korleis dei tek over deg.

Verda har meir informasjon om deg enn du trur, og mobilen veit akkurat korleis han får deg til å sjå endå meir på han. Den er avhengnadsskapande.

quote-left

Barbie og Ken har fått ein merksemdskandidat: Mobilen.

quote-right

Når eg ser på kjøleskapsdøra heime, er det første som møter meg søster mi på 12 år si ønskeliste til jul, og det første ønsket er Snapchat. Me har skapt ei verd der ein kjenner seg utanfor, og merkeleg om ein ikkje har alle dei riktige sosiale appane.

Om du ikkje legg ut bilete, videoar eller tekstar på Instagram, TikTok eller VSCO, blir du halde utanfor.

Kva slags behov har ei 12 år gammal jente til å skrolle på TikTok 5 timar i løpet av ein dag? Det finst ingen fordelar med det. Eg har høyrt mange historier frå søstrene mine som fortel om overnattingar der vennene har sete på mobilen, og ikkje lagt seg før kl. 1 fordi mobilen har halde dei vakne.

Det fekk meg til å tenkja: Kor ofte ser ein barn leika ute på ein fotballbane, sykla til venner for å finna på noko gøy, hoppa tau, eller klatra i tre? Svaret er altfor sjeldan. Dei sit heller inne og gamar, eller snappar med kvarandre. Eg synest oppriktig synd på dei, og er glad at eg rakk og ha ein barndom kvar leik og moro betydde meir enn Instagram.

quote-left

Om du ikkje legg ut bilete, videoar eller tekstar på Instagram, TikTok eller VSCO, blir du halde utanfor.

quote-right

Så takk til mamma og pappa som ikkje gav meg sosiale medium før eg var 13 år.

13 år er eigentleg alt for ungt synest eg. Men til slutt vart behovet for å ikkje kjenna seg utanfor for stort, og sosiale appar rulla inn ein etter ein på mobilen.

Heldigvis hadde eg og vennene mine reglar. Me fekk ikkje leggja ut noko før me vart 14 år gamle. Det er eg utruleg glad for, om nokon av dei TikTok-videoane me tok hadde vorte publiserte hadde livet mitt vore over. Eg veit om så utruleg mange som kunne ønskja dei ikkje fekk sosiale medium i ein så ung alder.

Det er kjempeenkelt for meg å finna fram til dei gamle profilane deira rundt om kring, heilt ned til 10-årsalderen kan ein finna profilar med videoar av dei som dansar kleine dansar, eller syng falskt.

Mykje av dette kunne vore unngått om aldersgrensa på sosiale medium hadde auka til 16 år. Kanskje tenkjer du at «Det finst allereie aldersgrenser», men det er faktisk berre å seia til appen at du er fødd 12. Mars 1995 så lèt den deg gå gjennom.

Ved å registrera seg med BankID på sosiale medium, unngår ein at 99 % prosent av barn i 12-årsalderen skaffar seg appar med innhald som ikkje er eigna for dei. BankID er ein trygg måte å forsikra seg om at personen som loggar seg inn, faktisk er den han gir seg ut for å vera.

Så eg er heilt samd med høgre politikar Nikolai Astrup som har komme med dette forslaget. Så vêr så snill, dei neste generasjonane vil takka dykk om aldersgrensa blir auka til 16 år. Barn går glipp av å vera barn ein stor del av livet.

La Barbie og Ken få tilbake målgruppa si.