«Frp har ikkje løysinga på dyrtida!»
– Frp må avlyse skattefesten for dei aller rikaste og ta dyrtida på alvor, skriv Hlin-Såga Kyrkjeøy (24).
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Renta aukar, og med det vert det nok ein gong dyrare og vanskelegare for nordmenn flest å leve. Samstundes ser ein at fleire peikar på Sverige som eit førebilete Noreg burde strekkje seg etter. På Facebook-sida til den nyvalde leiaren i FpU, Lars Løvold, seier han at Sverige har gjennomført akkurat den politikken Frp tek til orde for ved å setje ned matmomsen og drivstoffprisane.
Betre ting å bruke pengane på
Problemet med å setje ned matmomsen er at ein ikkje kan garantere at pengane går til forbrukarane, og ikkje i lomma på matvarebaronane. I tillegg er ikkje dette ein treffsikker måte å hjelpe dei med lågast løn.
Dei ti prosent rikaste brukar omtrent dobbelt så mykje på mat som dei ti prosent fattigaste. Det er klart at ei halvering av matmomsen då kjem dei rikaste til gode fyrst og fremst. Å halvere matmomsen kostar omtrent 16 milliardar. For same sum kunne ein fått 150 nye studieplassar til helsesjukepleiarar og framleis hatt 4 milliardar igjen. Med andre ord, det finst betre ting å bruke pengane på.
Ikkje treffsikkert
No har ein allereie midlertidig senka drivstoffprisane, men heller ikkje dette er eit treffsikkert tiltak for dei med dårlegast råd. Det er mange som slit økonomisk, som ikkje har bil og som får ekstremt lite ut av denne ordninga.
Det einaste denne løysinga gjer, er å midlertidig lette på bensin- og dieselprisane, og svekkje klima- og miljømåla våre. Men ho gjer særdeles lite for dei som ikkje har bil og likevel blir ramma av dyrtida.
– Ta dyrtida på alvor!
Sjølv om Sverige har lågare styringsrente enn oss, har dei dårlegare realøkonomi. I Sverige veks ikkje økonomien, og arbeidsløysa er meir enn dobbelt så høg som Noreg si med 9,7 prosent, den tredje høgaste i Europa. Noreg si ligg til samanlikning på 4,7 prosent.
Eg skal gje Løvold rett i ein ting: Renteaukingar er ikkje noko å spøkje med. Me er nøydde til å gjere noko med dei aukande forskjellane me ser i samfunnet. Dei rikaste vert berre rikare, mens resten av oss sit igjen med mindre. Om Frp skal ha ein snev av truverd på å få ned forskjellane, er dei nøydde til å avlyse skattefesten for dei aller rikaste og ta dyrtida på alvor!






