Politikk og samfunn

«Kunstig intelligens utan kvinnefiendtlegheit er eit europeisk ansvar»

«Berre tanken på at vi lever i ei verd der det å kle av ei kvinne berre er eit tastetrykk unna, og straffene låge eller ikkje-eksisterande, gjer meg redd, skriv Øyunn S. Kåset,» internasjonal kontakt i Grøn Ungdom.

Øyunn S. Kåset (26)
Internasjonal kontakt i Grøn Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Motstanden mot kunstig intelligens blussa opp i Tyskland, og tusenvis tok til gatene då kjendisen Collien Fernandes gjekk ut med at eksmannen har laga deepfakes med pornografisk innhald på falske digitale brukarar i hennar namn.

Ho melde saka, og politikarar snakkar om at lovene mot digitalt misbruk og vald må skjerpast.

Også i Noreg har det vore debatt rundt appar som ved hjelp av KI kan fjerne kleda på ei kvar kvinne, slik som KI-en Grok kan.

Er blotting og fornedring av kvinner eit uunngåeleg scenario når teknologi blir utvikla, eller har politikarar eit ansvar for at KI-verktøya tener samfunnets beste?

Global boikott

På MDG sitt landsmøte i vår vart eit trekk ved den digitale strukturen diskutert, nemleg at han er ein maktfaktor og eit potensielt pressmiddel.

Uttalen inneheld tiltak som vil gjera Europa, Noreg og MDG mindre avhengige av USA og tek-industrien. Saman med Grøn Ungdom jobba eg for formuleringar som seier at vi skal bidra til utviklinga av europeisk KI, og støtta den globale boikotten av ChatGPT. Fleirtalet på landsmøtet var einige.

Fram til no har MDG ikkje uttalt seg positivt eller negativt om KI, og fenomenet er både nytt og komplekst. På den eine sida kan teknologien bidra til viktig forsking og potensielt løysa utfordringar vi står overfor. Mange fryktar at ny teknologi vil ta jobbane våre. Økonomar som har sett på innføring av ny teknologi gjennom tidene, seier noko anna. Det blir skapt omtrent like mange jobbar som forsvinn. At KI gjer oss meir effektive, er endå eit argument i bunken for kortare arbeidsveke.

Fordomsfull intelligens

På den andre sida blir KI mata med kunnskap som ikkje er fordomsfri, og spesielt i USA byggjer ho på eit verdisyn som høyrer til neoliberale politikarar.

Berre tanken på at vi lever i ei verd der det å kle av ei kvinne berre er eit tastetrykk unna, og straffene låge eller ikkje-eksisterande, gjer meg redd.

KI er òg eit miljøproblem fordi det blir brukt mykje straum og plass på datasenter. Dei fysiske spora av vårt digitale fotavtrykk viser seg i auka energiforbruk og inngrep i naturen. Likevel er den amerikanske KI-en ekstra skadeleg, fordi tek-industrien slepp å ta omsyn til miljøkrav.

Europeisk investering

Det er avgjerande at Europa utviklar KI, sjølv om dette betyr at teknologiske framsteg går tregare når utviklinga blir underlagd strenge miljøkrav.

I staden for å la europearar spytte pengar inn i amerikansk tek gjennom å betale abonnement, må pengar investerast no for å få ein kunstig intelligens i framtida som ikkje står i strid med likestilling og respekt for kvinner.

Å halde fram med å bruka amerikanskutvikla KI, betyr å setja verdiar som openheit, likestilling, menneskerettar og demokrati på spel. Mot det er investering i europeiske alternativ verdt kvar krone.