Høgre-politikar vil ha 16 års aldersgrense og BankID på sosiale medium

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Lat oss heva aldersgrensa til 16 år, og innføra reell aldersverifisering, skriv tidlegare kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i ei ytring på NRK.

Høgre-politikaren er oppteken av skuggesidene av sosiale medium, som avhengigheit og deling av nakenbilete.

Astrup: – Enkelt å ljuga på alderen

I innlegget argumenterer Astrup for å heva aldersgrensene frå 13 år til 16 år, og dessutan innføra krav om registrering med BankID eller tilsvarande løysingar.

Han peikar på at det med reell personkontroll blir det umogleg for norske brukarar å oppretta falske kontoar.

– I dag er aldersgrensa gjerne 13 år, men det er enkelt å ljuga på alderen for å oppretta ein slik konto, argumenterer Astrup.

Ella Fyhn: – Skal bli vaksne

Vidaregåandeelev Ella Fyhn, som har vore medlem av medlem av Barneombudet si ekspertgruppe for ein tryggare digital kvardag, meiner ei høgare aldersgrense ikkje løyser problema.

– Me som er barn og unge i dag skal bli vaksne, me skal studera og bli gode medborgarar. Då er det viktig at me har gode vanar, òg digitalt, seier Fyhn til TV 2.

I debatt med Astrup i Dagsnytt 18 måndag 30. januar peikar ho på utfordringane med å få multinasjonale selskap til å innføra den norske BankID-ordninga.

– Eg trur denne måten å kontrollera på, er feil. No lever me i to verkelegheiter, både i den verkelege verda og digitalt. Då er det viktig at me lærer oss korleis vi skal handsama ting me møter digitalt, til dømes om ein slit med dårleg sjølvbilete, seier Fyhn til TV 2.

Solveig Bagle Bjerknes: – Innfør ei aldersgrense

Avgangselev Solveig Bagle Bjerknes (18) er på si side einig med Nikolai Astrup.

– Innfør ei aldersgrense, ver så snill! skriv ho i ein replikk på NRK Ytring.


– Det kan vere eg har ualminneleg dårleg viljestyrke, men når eg går inn på Instagram vert eg ofte på Instagram til det er noko anna overhengande eg må gjere, fortel Line Horgen Thorstad.