«Gull er ikkje ei investering for å bli rikare – det er ei investering for å stå støytt når alt anna vaklar»
Ein liten del av Oljefondet investert i gull vil ikkje svekkje avkastninga av fondet, men gi landet eit ekstra sikringsnett, skriv Danial Ali Hamid.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Noreg har dei siste åra styrkt både forsvar, energiberedskap og mattryggleik. Vi har lært av pandemien, av krigen i Ukraina og av den aukande geopolitiske uroa i Europa og Midtausten. Likevel står éin ting framleis igjen som eit svakt punkt: den økonomiske beredskapen vår.
Heile pensjonsfondet vårt ligg digitalt plassert i utanlandske marknader, valutaer og finansielle instrument.
Statens pensjonsfond utland er ein enorm styrke for landet, men også ei sårbarheit dersom valutamarknadene ristar, inflasjonen skyt fart eller verdsøkonomien bråstoppar.
Dei siste åra har vi sett nettopp dette: auka renter, uføreseielege marknader og ein norsk økonomi som blir pressa frå fleire kantar.
Gull som beredskap
Sjølv om norsk økonomi er på veg inn i ein meir stabil fase i 2026, står regjeringa framleis overfor krevjande prioriteringar i budsjettarbeidet. Prisvekst, lønnsoppgjer og aukande offentlege utgifter gjer at mange opplever press i kvardagen, samtidig som viktige avgjerder blir tekne utan den openheita situasjonen krev.
Fleire europeiske land, blant dei Polen og Ungarn, har dei siste åra auka gullreservane sine. I land som Tyskland og Nederland har verdien av eksisterande reservar auka, utan at volumet nødvendigvis har gjort det.
Dei gjer det ikkje for spekulasjon, men for beredskap.
Dei ser verdien av å ha fysisk, nasjonal formue som ikkje kan frysast, hackast eller forsvinne i eit digitalt finanssystem i krise.
Eit lite stykke Noreg i gull
Noreg bør gjere det same. Ein liten del av Oljefondet investert i gull vil ikkje svekkje avkastninga av fondet, men gi landet eit ekstra sikringsnett.
Gull er ikkje ei investering for å bli rikare. Det er ei investering for å stå støytt når alt anna vaklar.
Vi snakkar mykje om tryggleik i Noreg. Men tryggleik handlar ikkje berre om soldatar, straum og mat. Det handlar også om økonomisk robustheit.
Skal vi ta ansvar for framtida, må vi sørgje for at nasjonen står støtt også når verdsøkonomien ikkje gjer det.






