Laura Kursula kjeda seg i ferien då ho oppdaga skrivekonkurransen til Framtida, Magasinett og Nynorsksenteret. No er ho 2000 kroner rikare.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Det er gøy og uventa å vinne, seier Laura Kursula (17) på telefon til Framtida.no når vi fortel henne at ho vann skrivekonkurransen «Grenser i ei digital verd».

Skrivekonkurransen er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, Magasinett og Framtida.no.

Medan nokre toppolitikarar, som Høgres Nikolai Astrup, argumenterer for høgare og strengare aldersgrenser i sosiale medium, tek Kursula eit nytt perspektiv inn i debatten, i hennar innlegg.

«Vi treng sunnare sosiale medium, ikkje uverksame aldersgrenser», skriv ho.

Kommersialiserte og uregulerte

Kursula meiner ideen bak sosiale medium i seg sjølv er god, og at ein kan få til veldig gode ting med sosiale medium.

– Men måten dei fungerer på i dag, er sterkt prega av at dei er kommersialiserte, og kanskje eitt av dei felta der vi har veldig tydeleg, sterk privatisering og inga offentleg styring, seier ho til Framtida.

For henne sjølv har sosiale medium derimot vore viktige. Det var ein trygg arena der ho kunne utforske sin eigen identitet på anonymt vis.

– Eg har vore i skapet ei stund, og då er det veldig fint å kunne sjå at det finst folk som meg, og finne ut av meg sjølv gjennom å snakke med andre folk, utan å måtte komme ut i det ekte livet, seier ho.

I teksten slår ho fast at sosiale medium ikkje treng å vere slik vi kjenner dei i dag, og slår eit slag for desentraliserte, brukarstyrte nettverk med respekt for privatliv. I teksten viser ho til «the fediverse».

Les heile vinnarinnlegget her.

Nytt perspektiv

Juryen meiner bidraget til Laura er ein viktig tekst som løftar eit nytt perspektiv i debatten om unge og sosiale medium.

«Skribenten argumenterer godt for meiningane sine, og merkte seg ut ved å trekke inn personlege erfaringar,» skriv juryen (sjå heile grunngjevinga i faktaboksen).

Kursula fortel at ho skriv mest i skulesamanheng, men at ho også kan ha andre motivasjonar for å sette seg ned med pennen eller tastaturet. Ho oppdaga skrivekonkurransen til Framtida.no medan ho sat heime og kjeda seg i ferien. Då tenkte ho: «Dette er noko eg kan litt om», så ho byrja å skrive.

– Når eg har noko eg vil skrive om, og eg får gneisten, likar eg veldig godt å skrive. Eg føler det å få tankane mine om eit tema ned på papiret, og få greidd skikkeleg ut om det, hjelper meg til å finne ut av kva eg meiner og tenker om noko, seier ho.

– Andre gonger, viss eg faktisk har noko eg har lyst til å seie, er det fint å få det ut, seier Kursula.

 

Grunngjevinga til juryen

Juryen synest vinnarteksta er ei viktig tekst som løftar eit nytt perspektiv i debatten om unge og sosiale medium. Vinnarteksta trekker fram positive sider ved bruken av sosiale medium, samstundes som ho får fram kompleksiteten i temaet på ein god måte. Teksta er lærerik og stiller interessante spørsmål. Skribenten argumenterer godt for meiningane sine og merkte seg ut ved å trekke inn personlege erfaringar. Juryen merkar at skribenten er kunnskapsrik og ei engasjert stemme i debatten. Teksta løftar òg problemstillinga vidare ved å kome med konkrete forslag.

Fersk nynorskbrukar

Laura er finsk, men bur no i Bergen, der ho går studiespesialiserande på Bergen katedralskole.

Ho fortel at ho byrja å skrive nynorsk på ordentleg i vår.

– Det var vel ei blanding av å sjå Eides språksjov og å bli vener med fleire folk frå typiske nynorskområde som er årsaka, fortel ho.

Laura Kursula er finsk, men no også bergensar. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

I haust fekk ho også prøve seg som nynorskjournalist i Framtida under OD-dagen.

Om det vert mykje skriving på henne i framtida, er det for tidleg til å seie sikkert.

– Eg veit veldig lite om kva eg vil gjere når eg vert eldre, men eg kan tenke meg at det vil innebere noka form for skriving, seier ho.


Emma Rolfsnes Sele (25) er vinnaren av sjangeren dikt i årets skrivekonkurranse.