«Mange maktpersonar verkar meir redde for klimatiltaka enn for klimakrisa»

Matilde Angeltveit (23)Matilde Angeltveit
klimaaktivist og Noregs ungdomsdelegat til FNs klimaforhandlingar
Publisert
Oppdatert 24.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg basert på skribenten sitt innlegg på arrangementet «Finnes det håp for Parisavtalen?» under Bærekraftsuka til Forum for utvikling og miljø (ForUM).

Eg kjenner meg igjen i Greta Thunberg sine ord:

«Adults keep saying, «We owe it to young people to give them hope.» But I don’t want your hope. I don’t want you to be hopeful. I want you to panic. I want you to feel the fear I feel every day, and then I want you to act. I want you to act as you would in a crisis. I want you to act as if our house is on fire. Because it is.»    

Det er meiningslaust å prate om klimahåp utan å prate om handling. Når maktpersonar peiker på unge for håp, kallar eg det ei ansvarsfråskriving. Utan handling, blir håp ei unnskyldning for ikkje å gjere noko. Eller ikkje gjere nok.

Håp, frykt, sinne, glede panikk eller skam

Det er det same for meg om det er håp, frykt, sinne, glede, panikk eller skam som driv politikarane våre til handling. Det eg treng er at maktpersonar viser at dei tar framtida mi på alvor.

Det eg treng er at maktpersonar viser at dei tar framtida mi på alvor

Vi skal heller ikkje vere redde for å omfamne breidda av følelsar som overveldar oss som lever i klimakrisa si tid.

Vi skal ikkje skyve bort verken frykta, skamma, følelsen av å vere trist eller følelsen av håp. Kanskje er vi nøydde til å føle på skam – det viser oss at vi gjer noko vi føler at vi ikkje bør. Det er heilt menneskeleg å vere trist for den uerstattelege naturen og unike dyreartane vi mistar kvar dag.

Vi må omfamne det, anerkjenne det, og bruke det som drivstoff til handling.

«Berre» 4,6 prosent av befolkninga lir av klimaangst

Mange maktpersonar verkar meir redde for klimatiltaka enn for klimakrisa.

Den opplevinga er diametralt motsett frå mange unge. Forskning.no skreiv nyleg ein artikkel med overskrifta «Svært få har klimaangst». Med tal frå ei britisk undersøking, viser dei til at «berre» 4,6 prosent av befolkninga lir av klimaangst.

Eg kunne ikkje vore meir ueinig.

Til artikkelen er det lagt ved eit bilete av Greta Thunberg, og i biletteksten står det:

«Da hun var 11 år, ble hun så urolig for fremtiden at hun sluttet å spise, sluttet å snakke, sluttet på skolen og gikk ned ti kilo».

Det er altså dette vi snakkar om. 4,6 prosent av Noregs befolkning er om lag 250 000 menneske. At omtrent 250 000 nordmenn slit med ei psykisk diagnose, som er politisk påført, meiner eg er oppsiktsvekkande. Klimaangsten kjem av mangelen på handling, mangelen på at det blir tatt på alvor og gjort noko med. Det er politikarane sin feil. Det handlar ikkje om håp, det handlar om ansvar.

Håp eller apati

Så, til den andre sida av saka. Ja, vi treng håp for å løyse klimakrisa.

Eg bryr meg om handling. Eg bryr meg om at forsking skal ha noko å seie for dei politiske avgjerdene som blir tekne. Eg bryr meg om framtida mi – og kanskje er det trass alt det som er sjølve kjernen i håp.

Eg veit ikkje om håp er eit vilkår for handling, men eg veit at apati ikkje er det.

Vi treng håp for å redde klima. Fordi vi kan ikkje berre vite kva vi kjempar mot – vi må også klare å sjå for oss den framtida vi jobbar for.

Klimaangsten kjem av mangelen på handling

For å klare å skape ei betre verd, må vi tørre å håpe på at den er mogleg. Vi må tore å sjå den for oss. Og sjå for oss å leve i den. Håp er mot.

Med håpet om ei betre framtid med oss, kan vi gå inn for endringane vi veit trengst. Med håpet med oss, kan vi seie til politikarane at det går heilt fint at kjøt blir litt dyrare, kanskje gjer det til og med at vi kan ta sunnare val for oss sjølv.

Vi er klare for å ta meir tog – når de politikarar gjer det billigare for oss. Vi skal tole at fast fashion klede blir dyrare. Kanskje er det til og med fint – at vi ikkje må kjøpe nye bukser annakvart år, men kan eige ting som varer.

Det går fint for oss å leve i et samfunn utan eingongsbestikk, og vi heier på at elektronikk får lengre levetid. Vi kan fly mindre til Syden, når vi samtidig får meir fritid og kortare arbeidsdagar.

Håp for Parisavtalen

Når vi snakkar om håp for Parisavtalen er det ikkje forhandlingane i seg sjølv eg er mest bekymra for, men (mangelen på) effekt den har på reell, nasjonal og regional handling.

Klimatoppmøta er ein viktig arena for verdsleiarar å dytte kvarandre i riktig retning og eit godt rammeverk for å systematisere (mangel på) framgang. Men, klimaet blir ikkje redda av ein velfungerande Parisavtale åleine. Det er landa sjølv som kuttar utslepp. Det er vi her heime, som må bruke vår demokratiske stemme til å krevje klimahandling av våre politikarar.

Det er menneske som har bestemt at Noreg skal tene pengar på olje og gass. Det er menneske som har bestemt at flybilletten til London skal vere billig – og togbilletten til Trondheim dyr. Det er menneske som kan bestemme at det skal vere annleis.

Og sidan vi lever i et demokratisk samfunn – er det du og eg som er med å bestemme det. Som kvar dag kan velje å anten godta at det er sånn, eller seie ifrå om at vi vil det skal vere annleis. Det gir meg håp.

Kampen for ei betre framtid

Vi skal ikkje håpe på ei betre framtid. Vi skal kjempe for ei betre framtid.

Om du som les dette tar ansvaret vi har på alvor. Om du snakkar om klima, deler innlegg om klima i sosiale medium, blir med på ein aksjon, et mindre kjøtt, vel meir tog, stemmer klimavennleg, handlar mindre nytt og meir brukt, melder deg inn i ei miljøorganisasjon.

Om du som les dette faktisk skjønar kor mykje makt du har. Ja, då er det håp for klimaet.


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a) framtida.no!


Wiktoria Bujnicka (t.v.) og Inger Christin Hystad Barane var med i delegasjonen frå Vestland då ungdommar frå heile landet møttest på Gardermoen for å drøfte eit nasjonalt ungdomsråd. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg