Sårbare land krev global skatt for å betala for klimaskadane

Fattige land ber FN om å vurdera ein skatt basert på klimarettferd, som vil ramme dei som brukar mest fossilt brensel og flytrafikken.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje The Guardian har nokre av dei mest sårbare landa i verda førebudd eit skriv som dei vil diskutera denne veka under FN si generalforsamling.

Der bed dei om ein «klima-relatert og rettferd-basert» global skatt, for å kunne betala for tapa og dei uopprettelege skadane utviklingslanda lir i møte med klimakrisa.

Flyavgift, oljeavgift, CO₂-avgift

Pengane kan kome frå ei global CO₂-avgift, skatt på flyreiser, avgift på dei sterkt forureinande drivstoffa på store skip, skattar på utvinning av fossilt brensel som olje, eller skatt på økonomiske transaksjonar.

I dokumentet vert det løfta både fordelar og ulemper med dei ulike forslaga, i tillegg til alternativ som å få pengar frå rike land gjennom utviklingsbankane i verda, som Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og den private sektoren.

– Ber dei tyngste børene for ei krise me ikkje har forårsaka

Antigua og Barbuda har også sendt inn dokument til FN der dei åtvarar om at sjø- og lufttemperaturen i Karibia kan føre til ein superstorm innan seks år, som vil gjera skadar for om lag 92 millionar kroner berre på øystaten åleine.

– Me fortener å leva utan ei overhengande frykt for gjeld og øydelegging. Øyene våre ber dei tyngste børene frå ei krise me ikkje har forårsaka. Det er avgjerande for ei berekraftig betring, at ein snarast får starta eit dedikert taps- og skadeberedskapsfond. Me opplever klimapåverknadar som er meir og meir ekstreme for kvart år, seier Walton Webson.

Han er FN-ambassadør for dei karibiske øyene Antigua og Barbuda og leiar for Alliance of Small Island States, ei gruppe for små øystatar og kystland i kampen mot klimaendringane.

António Guterres snakkar under opningstala si til FN-generalforsamlinga 20. september 2022. Foto: FN Photo/Mark Garten

FN-sjef: Oppmodar til å skattlegga forureinarar

Under FN-toppmøtet tysdag oppmoda generalsekretær António Guterres dei rikaste landa til å skattlegga dei uventa fortenestene frå fossile brensel-bedrifter, under si opningstale.

– Desse pengane burde bli fordelt på to måtar: til land som lir tap og skadar som kjem av klimakrisa og til folk som slit med stigande mat- og energiprisar, sa han under toppmøtet.

Han meiner forureinarane må betala for dei aukande skadane frå heitebølgjer, flaumar, tørke og andre klimapåverknadar og sa at det er på høg tid å varsla fossile brensel-produsentar, investorar og mogleggjerarar.

FN Goodwill-ambassadør Vanessa Nakate (25) frå Uganda vart intervjua av AP Press under FN si Høgnivåveke i New York. Foto: (AP Photo/Robert Bumsted)

Klimatoppmøte i november

Klimarettferd og korleis dei rike landa som har bidrege mest til klimakrisa skal hjelpe dei fattigaste landa som blir hardast råka av klimakrisa, er eit av dei store, vanskelege temaa i klimaforhandlingane.

Sjølv om rike land seinast under klimatoppmøtet COP26 i Glasgow i fjor vart samde om at det skal vera eit rammeverk for tap og skadar, er det ikkje noko semje om kor pengane i praksis skal kome frå eller kven som skal bidra.

I november er det duka for COP27 i Egypt, og igjen er det venta at klimarettferd og rammeverket for tap og skadar skal bli eit av dei store temaa.

Cari Anna King (t.v.) og Elise Åsnes er nestleiarar i Spire, og var begge observatørar under årets klimatoppmøte i Glasgow. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no