Politikk og samfunn

«Drapet på Kirk kan styrkje oppfatninga om at «den andre sida» er farleg»

Kirk reiste rundt på universitet og møtte studentar ansikt til ansikt. Ein mogleg konsekvens av drapet kan vere at slike opne debattarrangement blir mindre vanlege. Det er leit.

Edvard Storm Simonsen
Student og skribent i Framtida.no
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Charlie Kirk vart skoten og drepen på onsdag, medan han deltok på eit arrangement på eit universitet i Utah.

I skrivande stund er gjerningspersonen er på frifot og motivet for drapet er ikkje kjend, men det vil overraske meg om dette ikkje er politisk motivert. 

Kirk har vore ein svært polariserande figur og ei tydeleg stemme for den konservative ytre høgre-fløya i USA, og ein Trump-venn.

Debattklimaet i USA er allereie knallhardt. Polarisering har vore eit problem i lang tid allereie, og det er skremmande å tenkje på korleis dette drapet vil påverke debatten i tida som kjem. 

Kirks metode

Charlie Kirk var ein talentfull debattant som laga ein karriere av å debattere meiningsmotstandarar.

Han utnytta denne polariserte kulturen til å bli så populær som han var. Han visste godt at det er dei mest polariserande sakene som får mest merksemd og brukte det for alt det var verd. Vi snakkar då om saker som våpenlover, abort, skeive rettar, covid, konspirasjonsteoriar og Israel-Palestina. 

Desse synspunkta framførte han i videoar på nettet, i podkastar og på ulike universitet der han debatterte mot studentar. Det var på eit slikt arrangement på eit universitet i Utah han på onsdag vart drepen. 

Det er grunnleggjande positivt at folk møtest til politisk debatt og diskuterer usemjer. Kirk reiste rundt på universitet og møtte studentar ansikt til ansikt. Ein mogleg konsekvens av drapet kan vere at slike opne debattarrangement blir mindre vanlege. Det er leit.

Våpendebatten

Kirk var ein høglydt forkjempar for liberale våpenlover, og har tidlegare sagt at tap av liv er ein pris som er verdt å betale for å bevare det andre grunnlovstillegget, retten til å bere våpen. Han samanlikna det med at folk som døyr i trafikken, er ein pris vi må betale for at vi kan køyre bil. Han har halde fast ved dette synet også etter tragediar som skuleskytingar. No vart han sjølv eit offer for den same valden.

Viss vi skal anta at vanlege mønster blir følgde, vil republikanske stemmer truleg bruke drapet som argument for at vanlege folk treng våpen for å kunne beskytte seg mot farlege drapsmenn, og ikkje som grunn til strengare lover.

Delte reaksjonar

Reaksjonane på drapet på Charlie Kirk er delte. På ei side har vi folk som gir uttrykk for at dei er triste for det som har skjedd. Eit døme er utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

På den andre sida har vi folk som tidlegare leiar av Raud Ungdom, Amrit Kaur, som var raskt ute på TikTok med ein tydeleg sarkastisk video der ho «sørga» over drapet på Kirk. Videoen vart seinare sletta, og ho har beklaga. Torsdag ettermiddag annonserte Kaur at ho trekker seg som leiar i Raud Ungdom, som konsekvens av videoen ho publiserte.

Mangione-effekten

Mønsteret minner om drapet på helseforsikringstoppen Brian Thompson i 2024.

Drapsmannen, Luigi Mangione, vart sett på som ein helt av mange. Dei meinte at Thompson var eit symbol på dei grådige og kyniske folka som vert rike på å utnytte folk i sårbare situasjonar som var avhengige av helsehjelp. Dei meiner Mangione stod opp mot dette urettferdige systemet og faktisk gjorde noko for å endre det, når mange følte på avmakt. 

Charlie Kirk hadde ikkje noka formell makt, men med sin sterke innflytelse på følgarane sine, og med koplingane hans til Trump, kan ein argumentere for at han var ein svært mektig person. Kirk hadde mykje innflytelse og han var provoserande, men det spørst om drapet på han vil gjere noko betre. 

Skremmande utvikling

Drapet på Kirk kan styrkje oppfatninga om at «den andre sida» er farleg, og drive folk endå djupare inn i ekkokammera sine. I eit land der våpen alt er overalt, er det djupt alvorleg. 

Donald Trump har tatt tragedien inn i sitt narrativ. Han har allereie lagt skulda for drapet på «den radikale venstresida», sjølv om gjerningspersonen ikkje er kjend. 

Trump, som har autokratiske tendensar, er ikkje framand for å bruke det han kan for å stramme grepet om makta. Han kan framstille drapet på Kirk som eit bevis på at landet treng strengare lover, meir kontroll over protestar og sterkare overvaking, alt under påskot av tryggleik og orden. 

Kombinasjonen av ei slik politisk utnytting og eit allereie ekstremt polariserte debattklima er skremmande. Eg gruar meg til å følgje utviklinga i USA framover.