Krev fleire lærebøker på nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då trengst det større tilfang av nynorsk opplæringsmateriell. Det er i dag ikkje godt nok at parallellitetskravet for læremiddel ikkje gjeld for norskopplæringsmateriell, slik det gjer for anna skulemateriell. Mållaget meiner eit slikt krav må innførast. Det inneber at læremiddel for vaksne innvandrarar må koma på nynorsk og bokmål til same tid og same pris, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

LES OGSÅ: Byter ut bokmål med nynorsk

Dårlegare tilbod på nynorsk
Utvalet av nynorske læremiddel er dårlegare enn for læremiddel på bokmål. Det er ein av grunnane til at berre 39 av nynorskkommunane i dag gjev vaksne innvandrarar opplæring på nynorsk.

– No er fleire kommunar på veg til å gå over til å gje opplæring på nynorsk, og dette er svært gledeleg. Voss gjorde vedtak om å gå over til nynorsk sist veke. Hjelmeland, Ullensvang og Osterøy skal ha saka opp i kommunestyret før jul. Læremiddelsituasjonen har dei siste åra blitt betre, men det er framleis eit stort gap mellom utvalet av læremiddel til dei som får bokmålsopplæring og dei som får nynorskopplæring, seier Marit Aakre Tennø.

LES OGSÅ: Vil at innvandrar skal få lære nynorsk

Har skrive brev til Solveig Horne
Det finst ingen krav til at det skal utviklast nynorske læremiddel, og for å kunne utvikla nynorske læremiddel er forlaga avhengige av tilskot frå Vox, løyvt av departementet.

– Når Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet tildeler pengar til Vox – Nasjonalt senter for kompetansepolitikk for læremiddelutvikling i 2016, må ein større del av potten gå til utvikling og omsetjing av nynorske læremiddel, seier Marit Aakre Tennø.

Ho har sendt brev til departementet om saka.

– Folkeveksten kjem i heile landet av utanlandsk innvandring, og god norskundervising er avgjerande for god integrering. I nynorskkommunane bør vaksne innvandrarar læra det språket ungane skal læra på skulen og som vert brukt elles i kommunen. Då må det vera like lett å tilby nynorskundervising som bokmålsundervising. Til dét trengst det fleire læremiddel, understrekar Tennø.

LES OGSÅ: Lite framandspråk i skulen – kva kostar det oss?

Faktaboks

Her er nynorskkommunane som gjev opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar:

Suldal
Fitjar
Granvin
Jondal
Kvam
Kvinnherad
Stord
Askvoll
Aurland
Balestrand
Eid
Fjaler
Førde
Gaular
Gloppen
Gulen
Jølster
Hornindal
Hyllestad
Høyanger
Leikanger
Luster
Naustdal
Sogndal
Solund
Stryn
Hareid
Herøy
Sande
Ulstein
Vanylven
Volda
Ørsta
Nissedal

Opplæring på både nynorsk og bokmål:

Vik
Lærdal
Hordaland
Eidfjord
Ulvik

Kjelde: Noregs Mållag