Vil at innvandrarar skal få læra nynorsk

For å betra integreringa i nynorskkommunar, må norskopplæringa vera på det skriftspråket som blir brukt lokalt, meiner Norsk Målungdom.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Innvandrarar bør læra nynorsk

Den språkopplæringa innvandrarar har krav på må vera på det skriftspråket som blir brukt lokalt, seier nestleiar i Norsk Målungdom, Kristofer Olai Ravn Stavseng i ei pressemelding.

LES OGSÅ: No får du Målungdom-kondom

Målungdommen meiner at vaksenopplæring som berre er på bokmål gjer det vanskelegare for innvandrarar å delta i arbeidslivet og i den lokale frivillige arenaen. I tillegg kan det føra til problem heime, då foreldra ikkje kan hjelpa ungane like godt med skulearbeidet.

Innvandrarborn i nynorskkommunar lærer nynorsk. Om foreldra berre lærer bokmål på vaksenopplæringa, vil dei få problem med å hjelpa borna sine med skulearbeid, seier Stavseng.

27 kommunar gir nynorskopplæring i dag
Det finst nokre kommunar som gir vaksenopplæring på nynorsk i dag. No ønskjer Norsk Målungdom at fleire nynorskkommunar følgjer etter.

Dei brukar mellom anna Voss, ein typisk nynorskkommune, som døme. Der er vaksenopplæringa på bokmål, trass i at det vart gjennomført eit prøveprosjekt med vaksenopplæring på nynorsk mellom 2003 og 2006.

Den gongen stod det dårlegare til med nynorsktilfanget, og derfor gjekk kommunen over til bokmål etter at prosjektet var ferdig. I dag finst det godt materiell for nynorskopplæring for vaksne innvandrarar, og 27 nynorskkommunar vel i dag å gi innvandrarane sine nynorskopplæring, seier Stavseng.

LES OGSÅ: Med eit mål for auget