25 000 har forlate Sør-Afrika etter innvandringsfiendtlege demonstrasjonar
Mange afrikanske land hentar borgarane sine heim etter store demonstrasjonar i Sør-Afrika.
Dei siste månadane har innvandringsfiendtlege demonstrasjonar prega Sør-Afrika.
Einskilde grupper har også drive borgarvern. Det betyr at dei tek lova i eigne hender. Nokre har også utøvd vald.
Fleire offer har mista livet. Styresmaktene i nabolandet Mosambik har sagt at fem av deira borgarar er drepne.
Samanstøyt med politiet
Den sørafrikanske presidenten, Cyril Ramaphosa, ber folk om å avstå frå vald.
– Retten til å demonstrera er definerande for demokratiet, men rettar kjem også med ansvar. Dei som ynskjer å demonstrera, lyt gjera det fredeleg, skreiv Ramaphosa i sitt eige nyheitsbrev.
Fleirtalet av demonstrantane har opptredd fredeleg. I fleire byar har det likevel vore samanstøytar med politiet.
Det har også skjedd plyndring og hærverk. Nær tusen personar er arresterte.
Hentar borgarar heim
Mange er uroa. Innvandringsfiendtlege opptøyar i Sør-Afrika har tidlegare blitt særs valdelege. I 2008 blei 62 menneske drepne under liknande omstende.
Fleire afrikanske land hentar difor eigne borgarar heim. Mellom anna har Nigeria, Ghana, Kenya, Zimbabwe og Malawi organisert heimreise for sine borgarar. Kring 25 000 migrantar har forlate Sør-Afrika.
Saka har ført til gnissingar mellom Sør-Afrika og andre afrikanske land. Desse meiner at borgarane deira ikkje er trygge.
Nigeria vil krevja kompensasjon frå Sør-Afrika på vegner av nigerianarar som har måtta forlata landet.
Nokre sørafrikanske politikarar er misnøgde med reaksjonane. Justisminister Mmamoloko Kubayi har til dømes skulda ghanesiske styresmakter for å spreia falsk informasjon.








