Unge Venstre vil utvide abortgrensa. Men kor mykje?

I helga samlast Unge Venstre til landsmøte. Eitt av spørsmåla dei har fått mykje merksemd for, er forslaget om å utvide grensa for fri abort. Her får du nokre av sakene dei stemmer over i helga.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tippar vi landar på 18 veker. Det er det vi har i plattformen i dag, seier Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre på telefon til Framtida.no

Hansmark er i gang med helgas landsmøte som går føre seg i Oslo.

I forkant har han fått mykje merksemd for sitt standpunkt om å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 24 i svangerskapet. Dette er likevel ikkje eit alternativ som blir stemt over i helga.

Innstillinga frå landsstyret er på 18 veker, og alternativa er 18, 20 eller 22 veker.

– Korleis stiller heile ungdomspartiet seg til dette?

– Det er jo usemje. Det var ikkje alle som stemte for 18 veker på landsstyremøtet. Nokre stemte for 20 veker, og andre for 22. Men det er iallfall einigheit om at vi vil utvide retten til fri abort, seier Hansmark.

Les også: Skal på landsmøtet for å kjempe for sidemål

Skal vere kvinna sitt eige val

– Ser du nokre etiske problemstillingar ved å utvide grensa for abort heilt opp til 22 veker?

– Ja det er heilt klart knytta problemstillingar til det. Men vi meiner det er kvinna sitt eige val, og noko som politikarane ikkje skal blande seg i, seier Hansmark.

– Kvifor er dette spørsmålet blitt ei sentral sak for dykk?

– Vi treng ei motvekt til dei som seier at abort ikkje er greitt. Vi treng nokre på den andre sida som seier at kvinna sine rettar skal vere viktigare.

Les også: KrFU stemte mot sjølvbestemt abort

Vorte meir aktuelt med at KrF ønskar å stramme inn

Hansmark meiner spørsmålet har vorte meir aktuelt fordi KrF ønskar å stramme inn.

– No ser vi at Erna Solberg er villig til å forhandle med KrF om dette. Da er det viktig at nokon taler for at kvinna sin stemme er viktigare, seier han.

– Kva svarer du til dei som meiner at å utvide grensa til veke 22 er eit ekstremt forslag?

– Vi har vore van med å gå føre i ein del diskusjonar, til dømes rundt sex-kjøp og ruspolitikk. Vi er ikkje redde for å ta ein debatt som er upopulær i befolkninga. Vi skal ta diskusjonen i helga, så får vi sjå om Noreg kjem etter om 20 år, som i ruspolitikken, seier Hansmark.

Les også: Fleirtalet vil ikkje endre abortlova

Kirkeasyl, formuesskatt og verneplikt

Blant andre saker som skal opp til debatt i helga, er spørsmålet om ein skal behalde eller fjerne dagens ordning med kirkeasyl, om ein skal auke formuesskatten, og om fylkeskommunen skal bli lagt ned.

I dagens program er Unge Venstre for verneplikten, men det skal òg stemmast over.

Blant spørsmåla med størst usemje, og noko som det òg har vore debatt om på landsstyremøtet, er om dei skal gå inn for auke i formuesskatten.

– Eg trur formuesskatten blir den største debatten. Det er kome eit forslag om å auke prosentsatsen til 1%, som det var i 2013 før Erna Solberg si regjering. Og så ønsker vi òg å auke verdsettinga av formueobjekt – at du må betale litt meir skatt på bustaden din og på aksjar. Målet er å treffe dei som har dyre bustader eller store verdiar i aksjer, seier Hansmark.

Les også: AUF: Fri abort til veke 18 einstemmig vedtatt