Alkohol på sommarleir: – Det er trygt i Unge Venstre
Unge Venstre passar på at deltakarane på sommarleir nyt alkohol innanfor trygge rammer, seier leiar Omar Svendsen-Yagci. Senterungdommen har hatt alkoholfri sommarleir i år.
– Vi har eit veldig strengt regelverk for alkohol i Unge Venstre. Det skal vere trygt å vere på sommarleiren vår, seier UV-leiar Omar Svendsen-Yagci til Framtida.
Kvart år inviterer dei fleste ungdomspartia i landet til sommarleir med både politisk og fagleg innhald, så vel som eit stort fokus på sosialt samvær. Dei fleste partia har forbod mot alkohol, og i år har berre to ungdomsparti tillate alkohol på leiren sin.
Den siste veka har det kome fram historier om omfattande alkoholbruk og festing på sommarleiren til Framstegspartiets ungdom i sommar. Ein FpU-medlem vart også sikta for valdtekt, men saka er lagt bort på grunn av bevisets stilling.
FpU-leiar Lars Barstad Løvold har trekt seg etter at han har vorte skulda for å ha tillate skjenking av ein 17 år gammal FpU-ar på ein privat fest, og utsett henne for uønskt seksuell merksemd. Sjølv avviser han skuldingane.
Ingen sprit
Unge Venstre er det einaste andre partiet som har tillate alkohol på sommarleiren i år. UV-leiar Svendsen-Yagci slår fast at partiet har eit strengt regelverk for alkohol.
– Vi handhevar det strengt og alle medlemmer kjenner reglane godt, seier han.
Reglane til UV er som følger:
- Det er ikkje tillate med drikke med høgare enn 15 prosent alkoholinnhald
- Det er strengt ulovleg å vere overstadig rusa
- Drikking er berre tillate på bestemte område, hovudsakleg i telt eller på plassar som er avklarte på førehand
- Det er ikkje lov med nachspiel
- Første dagen er alkoholfri
- Alle deltakarar skal til ei kvar tid ha eit armband som viser om dei er over eller under 18 år.
– Du drar ikkje på sommarleir for å feste, men for å ha ei fin, trygg oppleving der du skal lære om politikk og møte folk frå heile landet, seier Svendsen-Yagci.
Framtida vitja Unge Venstres sommarleir i fjor. Les stemningsrapporten her.
– Mogleg å kombinere
Samstundes påpeiker UV-leiaren at mange synest det er hyggeleg å få nyte alkohol innafor rammene.
– Vi opplever at det er fullt mogleg å kombinere med ein trygg og fin sommarleir for dei under 18 år. Men det er viktig å sørge for at reglane er strengt kontrollerte. Eg er stolt over at Unge Venstre sin sommarleir er ein stad kor alle trygt kan sende borna sine og vite at dei kan ha ein fin sommarleir, seier han.
– Har det oppstått problematiske situasjonar knytt til alkohol medan du har vore leiar?
– Nei, vi har hatt ein trygg sommarleir for alle. Vi går alltid tydeleg gjennom alkoholreglane, gjentar dei tydeleg og handhevar dei strengt, seier han.
– I lys av det som har kome fram i media nyleg, tenker du det er eit poeng for Unge Venstre å ta ein diskusjon om alkohol på sommarleir?
– Vi diskuterer det kvart einaste år.
– Trur du det blir ein annleis diskusjon til neste år?
– For oss er det viktig at dei erfaringane vi har på vår leir, er vellukka. Vårt alkoholreglement er langt ifrå det reglementet FpU har. Så er det alltid viktig i ein organisasjon i utvikling at vi diskuterer det kvart år. Vår fremste jobb er at alle har ein fin og trygg sommarleir, og det har vi hatt, seier han.
– Trist sak
– Eg kjenner ikkje til meir enn det som har stått i media, men saka frå sommarleiren til FpU er berre trist uansett korleis ein vender på det, seier Nils Forren, leiar i Senterungdommen, på telefon til Framtida.
Senterungdommen har tidlegare år tillate alkohol på sommarleirane sine, men i år var leiren alkoholfri. Leiaren viser til at reglane vart tilpassa ut ifrå kor leiren var, talet på deltakarar og alder på deltakarane.
I år hadde sommarleiren deira om lag 40 deltakarar, og han fann stad på Kvarstein skule i Vennesla. På nettsidene opplyste Senterungdommen at årets sommarleir var alkoholfri på grunn av skjenkebevilgingslova.
– God stemning uansett
Elles opplyser Forren at Senterungdommen følger norsk lov når det gjeld alkohol på arrangementa til ungdomspartiet.
– Dessutan er alle sentralstyremedlem, fylkesleiarar, tilsette alltid edru – i tillegg til minst 10 prosent av deltakarane. På fredagar har vi alkoholforbod, fortel han.
– Senterpartiet og Senterungdommen er kjende for å vere gode på fest – vert det god stemning også utan alkohol?
– Senterungdommen har alltid god stemning.
Forren opplyser at det ikkje har vore utfordringar knytt til alkohol medan han har vore leiar, og at hans erfaringar er at det er uproblematisk å overhalde reglane rundt alkohol.
– I år er det berre to av ungdomspartia som har hatt alkohol på sommarleiren sin. Tenker du at dei bør revurdere retningslinene sine?
– Det har eg inga meining om.
Les også: Lakseburgar og høg swing-faktor: Slik er det på sommarleir med Senterungdommen







