«Eg skal på landsmøte for å kjempe for at Unge Venstre sin språkpolitikk skal bli enda betre enn det den er no», skriv leiar i Hordaland Unge Venstre, Agnes Hoshovde Bernes.
Agnes Hoshovde Bernes, leiar i Hordaland Unge Venstre
Agnes Hoshovde Bernes, leiar i Hordaland Unge Venstre

Unge Venstre har lenge hatt ein tradisjon for å ha ein god sidemålspolitikk, det håpar eg at Unge Venstre skal fortsette med.

Denne helga skal Unge Venstre sitt landsmøte i Oslo arrangerast, og i år er det mellom anna Politisk Plattform som skal vedtakas.

Eg skal på landsmøtet for å kjempe for at Unge Venstre sin språkpolitikk skal bli enda betre enn det den er no.

Les også: Unge Venstre vil gjera sidemål valfritt på vidaregåande

Fleire språkpolitiske spørsmål

Det er fleire gode forslag om språkpolitikk som er sendt inn til landsmøtet. Mellom anna at Unge Venstre skal vere for at alle elevar skal beherska båe målføre, og vil vidareføra og styrka dagens ordning med separat hovud- og sidemålsvurdering.

Det er òg komme inn forslag om at Unge Venstre skal vere for at språkkrava til læremiddel i opplæringslova må spesifiserast slik at dei òg dekkjer digitale læremiddel, og at det skal vera eit nasjonalt ansvar å trygga at læremidla kjem på både nynorsk og bokmål.

Det er òg komme inn forslag om opplæring i begge målformar frå 3. klasse av.

Les også: KrFU vil behalda sidemålskarakteren

Dårleg språkpolitikk å fjerne karakter i sidemål

Det er og forslag eg skal kjempe mot.

Det er sendt inn forslag om å fjerne karakteren og eksamen i sidemål, både på ungdomsskulen og på vidaregåande skule.

Dette er særs dårleg språkpolitikk.

Det å fjerne karakteren i sidemål vil kunne føre til at lærarar som ikkje likar sidemål unngår å gje skikkeleg undervisning i det. Dette vil skade språkmangfaldet!

Det er viktig at alle får god opplæring i begge målformar, då dette er ein utruleg viktig del av kulturen vår.

Les også: Gje lærarstudentane nynorskkompetanse

Oppdatert: fredag 26. oktober 2018 14.53

LES OGSÅ

MEIR FRÅ ADMIN

Kommentarar

ANNONSE