– Statsbudsjettet er blotta for radikal klimainnsats, og det er totalt useriøst, seier talsperson i Grøn Ungdom, Ole Eian, i ei pressemelding.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Frå talarstolen i Stortinget sa finansminister Siv Jensen at forslaget for neste års statsbudsjett har ein tydeleg grøn profil.
Ho synte mellom anna til at regjeringa vil satse meir for å arbeide mot marin forsøpling; løyver meir penger til Enova; vil styrke klima- og skoginitiativet; og held fram med å satse på jernbanen og meir miljøvenneleg transport.
Det er derimot mange som meiner dette er langt frå tilstrekkeleg.
– Det er mange fine små grøne tiltak, men det monner ikkje, seier talsmann i Grøn Ungdom, Ole Eian, i ein video til Framtida.no om det foreslåtte statsbudsjettet.
Høyr kva ungdomsorganisasjonane seier om statsbudsjettet her.
For liten reduksjon i klimagassutslepp
Ifølgje den heilt ferske rapporten frå FN sitt klimapanel er det naudsynt å redusere klimagassutsleppa med kring 50 prosent innan 2030. Regjeringa sitt eige reknestykke viser derimot at Noreg, per no, berre vil klare å kutte utsleppa med 13,5 prosent innan den tid.
I denne samanheng er det særleg forslaget om å auke subsidiane til oljeleiting i Barentshavet som møter kritikk.
– Vi kan ikkje fortsette å bygge opp under ein så uansvarleg utsleppsfest, seier leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord i ei pressemelding. Han hevder regjeringa med dagens foreslåtte statsbudsjett held stø kurs mot klimakatastrofe.
Også Grønn Ungdom etterlyser meir handlekraft hjå regjeringa.
– Forskarane er skremmande klare i si tale: rask og radikal handling er naudsynt. Bilavgiftene må aukast kraftig, oljeindustrien må avsluttast og Noreg må opne oljefondet for å gire opp klimaarbeidet i resten av verda, seier talsmann Eian i ei pressemelding.
Styrka Enova
Forslaget regjeringa la fram måndag føremiddag vil til saman auke Klima- og miljødepartementet sitt budsjett med 32 prosent, frå 10,7 milliardar i år til 14,1 milliardar kroner i 2019.
Den største grunnen til dette er at departementet har overteke ansvaret for Enova, ein organisasjon som skal bidra til å legge om energibruken og energiproduksjonen. Enova får ei auke i overføringane med 344 millionar kroner, og ein samla sum kring tre milliardar kroner.
Regjeringa opplyser at desse pengane skal rettast inn mot dei tiltaka som gjev størst reduksjon i utsleppa, til dømes grøn skipsfart og nullutsleppskøyretøy.
Noreg skal leie an mot marin forsøpling
Vidare ynskjer regjeringa å styrke Noreg si internasjonale leiarrolle i arbeidet mot marin forsøpling, og foreslår difor å gje 25 millionar kroner ekstra til å førebygge og rydde opp i marin forsøpling.
Det internasjonale bidraget i arbeidet mot marin forsøpling skal også styrkast med 250 millionar kroner over Utanriksdepartementet sitt bistandsbudsjett, til 400 millionar kroner i 2019.
Samstundes vert det foreslått 10 millionar kroner ekstra til forsking på marin forsøpling og spreiinga av mikroplast.
Les også: Rapport: 330.000 tonn mikroplast kjem ut i miljøet kvart år
Satsing på tropiske skogar, men kutt i norsk skogvern
Regjeringa seier dei går inn for ei historisk satsing på tropisk skog, og aukar difor norske klima- og skoginitiativet med 200 millionar kroner i 2019. Samla vil løyvinga då vere på 3,2 milliardar kroner. Desse pengane skal bidra til å sikre betre data om avskoging, og gjere det lettare å avdekke skogkriminalitet.
Samstundes vil regjeringa kutte løyvingane til norsk skogvern med 20 millionar kroner. I 2018 løyvde regjeringa 467 millionar kroner til skogvern, medan forslaget for komande år er 444,6 millionar kroner.
Dette får miljøorganisasjonen Sabima til å reagere. Organisasjonen skriv i ei pressemelding at forslaget til statsbudsjett ikkje bidreg til å styrke naturen som karbonbindar eller som ein buffer mot konsekvensar av klimaendringane.
Auke i satsinga på fornybar energi og Co2-fangst
Regjeringa foreslår å løyve over 1,1 milliardar kroner til fornybar energi over bistandsbudsjettet i 2019 – ei auke på 430 millionar samanlikna med 2018.
Samstundes foreslår regjeringa å løyve 670 millionar kroner til arbeidet med CO2-handtering i 2019. Det er 161 millionar meir enn førre budsjett.
Generalsekretær i World Wildlife Foundation (WWF), Bård Vegar Solhjell seier ifølgje wwf.no, at endå budsjettforslaget frå regjeringa inneheld gode enkelttiltak, som innsatsen mot plast i havet og oppjusteringa av bistand til fornybar energi, så er det for lite.
– Med summen av tiltaka i dette budsjettet styrer vi framleis mot meir enn to graders oppvarming. Heilskapen i budsjettet står absolutt ikkje i forhold til dei klimautfordringane vi står ovanfor, seier Solhjell.