Nordmenn er overraska over eigne utslepp, og lite villige til å kutte
Det private forbruket må kanskje halverast innan 2030, i så fall må vi gjere drastiske endringar i livsstil. Forskar meiner at staten må sørge for at innbyggarane tar sin del.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Forskinga vår viser tydeleg at vi ikkje vil lykkast med å kutte nok utslepp frå private husstandar viss vi skal basere oss på frivilligheit, seier Karen R. Moberg ved Vestlandsforsking til forsking.no.
Ho har saman med forskarar i Sverige, Tyskland og Frankrike undersøkt korleis vanlege folk stiller seg til å bidra til reduksjon i klimagassutsleppa gjennom å skjere ned på forbruket sitt.
Lite vilje til forbrukskutt
Ein slik reduksjon kan vere nødvendig for å nå måla i Paris-avtalen, men mange land er det opp til innbyggarane sjølve å ta grep. Slik er det også i Norge. Gapet mellom kva innbyggarane gjer, og det som trengst, er ifølge Moberg stort.
Forskarane har gjort intervju i over 300 husstandar. Først gjennom detaljerte spørjeskjema om livsstil og forbruk, så med intervju i kvar enkelt husstand. Familiar har fått utdelt ei rekke tiltak på kort. Mellom anna «kutte kosmetikk-innkjøp med ein tredel», «gå over til kjøtfritt kosthald» eller «kutte halvparten av flyreiser til utlandet».
- LES OGSÅ: Ap: Regjeringa skal opp til klimaeksamen
Overraska over eigne utslepp
Etter at forskarane hadde rekna ut effekten av tiltaka som familiane var villige til å gjere, var mange skuffa over resultatet.
– Ein del reagerte òg på at vanane og forbruket deira spelte ei såpass stor rolle i det overordna klimaproblemet. Det kan kjennast både skremmande og trist at ein sjølv er såpass lite villig til å legge om, seier Moberg.
Flyreiser, bilkøyring og kjøtforbruk var det som overraska mest. Det private forbruket må kanskje halvverast innan 2030, i så fall må vi gjere drastiske endringar i livsstil.
- LES OGSÅ: Kan barn eigentleg vere vegetarianarar?
– Det er ikkje slik at ein aldri kan reise til Italia meir, men det går til dømes an å bruke lengre tid på reisa ved å velje tog i staden for fly, seier Moberg som meiner det er myndigheitene som i første omgang må legge til rette for at private husstandar klarer å redusere utsleppa.