Kven får rekninga for framtidig ekstremvêr?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire regnflaumar og dobbelt så mange dagar med regn. Det kan bli kvardagen fram mot 2100. Åtvaringa har vi høyrt tidlegare: Vêret blir våtare og villare. Det er likevel ikkje alt som er kjent, som til dømes kor mykje ekstremvêret og regnet kjem til å koste oss. Ein fersk rapport frå CICERO Senter for klimaforskning prøver å gi svar på kven av oss som må betale for å bu i eit flaumutsett land.

– Det blir ikkje utan vidare meir ekstremvêr i Noreg, men det blir fleire lokale ekstremvêr. Det ser me tydleg, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss til Nynorsk pressekontor.

Han viser til at det er fleire flaumar kvart år der lokalsamfunn blir råka.

– Det gjer at me må jobbe på ein annan måte enn før for å kunne varsle om hendingane, seier han.

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss varslar fleire lokale ekstremvêr i åra som kjem.
Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Vanskeleg å varsle lokalt ekstremvêr

Gislefoss fortel at Meteorologisk institutt oftare også varslar konsekvensar ein ventar av vêret. Til dømes kan mykje nedbør gi stengde vegar, overvatn og flaum

–Det er for å førebyggje hendingar. Ta til dømes Utvik-hendinga. Det er nærmast umogleg å varsle at det blir flaum og ras lokalt. Eg trur ikkje det hadde vore ein meteorolog som hadde klart å varsle det som skjedde i Utvik.

I juni i fjor blei fleire bygder i Sogn og Fjordane råka av flaum. Bygda Utvik i Stryn kommune blei hardast råka. Dei mista vegsambandet, straumen og vatnet blei borte då to elver fløymde over.

Den totale kostnaden ved flaum er ikkje alltid kjent. Forsikringsbransjen har god oversikt over erstatningar ved flaum og naturkatastrofar. Indirekte kostnadar, som straumbrot, forseinkingar og tapt produksjon, kan vere like store.

Gamle avløpsrøyr gir trøbbel for kommunar

Byane er særleg sårbare for flaum på grunn av konsentrasjonen av infrastruktur og økonomiske verdiar. Flaum i utkantstrok kan likevel gi store samfunnskostnadar fordi skader på transportinfrastruktur påverkar verdikjeda, heiter det i rapporten Flomrisiko i Norge: Hvem betaler for framtidens våtere klima.

Jon Berge, kommunikasjonsdirektør i If Skadeforsikring, meiner storsamfunnet må bidra for å ruste opp avløpssystema i Kommune-Noreg. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

– Styrtregn og tilbakeslag i gjennom kloakken er ei større bekymring for oss i forsikringsbransjen enn flaum, seier Jon Berge, kommunikasjonsdirektør i If Skadeforsikring.

I fjor var forsikringsutbetalingar knytt til tilbakeslag åleine 438 millionar kroner. Store tap på grunn av skadar frå overvatn er ikkje dekt av naturskadelova og påverkar difor dei enkelte forsikringsselskapa direkte. Meir og plutseleg regn gir større belastning på avløpsrøyr og vassvegar. Berge meiner det er eit felles ansvar å ruste opp avløpssystema kringom i landet.

– Dei store kommunane er nok i stand til å klare det, men dei mindre kommunane slit og har ikkje økonomi til det. Då trur eg storsamfunnet, då tenkjer eg på staten, må bidra økonomisk. Elles kjem me til å kvele små kommunar, seier Berge.

Dette kan bli ei vanlegare syn i åra som kjem. Her pumpar brannvesenet ut vatn frå ein kjeller på Vigrestad i Rogaland etter flaum i august 2014.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix / NPK

Kva med særleg utsette stader?

Skadar etter flaum kjem inn under Naturskadelovgivinga. Alle, uansett kvar i Noreg ein bur, er godt dekte. Skader etter overvatn og tilbakeslag, der vatn eller kloakk kjem inn i hus og kjellar, har auka dei siste åra. Den er forsikra gjennom den vanlege husforsikringa di.

– Det er ofte dei same husa og dei same bedriftene som blir råka igjen og igjen. Då blir det etter kvart ei hending som ikkje er plutseleg og uføreseieleg. Det er me mest uroa for, seier Berge.

Statsmeteorologen lovar at han i alle fall kan varsle på førehand når det kan bli mykje regn.

– Me lærer jo av hendingar. Det er ofte dei same stadene som blir trefte kvar gong. Så det er dei same kjellarane som får vatn, seier Gislefoss.

– Kan vêrvarsla bli gode nok til å varsle slike lokale ekstremvêr i framtida, eller må folk bu seg på å leve med risikoen?

– Eg tru me kan bli så gode, kanskje ikkje heilt ned på Utvik-nivå, men me må kunne klare å plassere ei bøye innan ei mils omkrins, mot fem mil i dag, seier Gislefoss. (©NPK)