Ap: Regjeringa skal opp til klimaeksamen
Arbeidarpartiet, SV og MDG forventar at regjeringa set av nok pengar i revidert nasjonalbudsjett til dei tre planlagte prosjekta for karbonfangst.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Regjeringa skal opp til munnleg og skriftleg klimaeksamen når forslaget til revidert nasjonalbudsjett vert lagt fram 15. mai, seier Arbeidarpartiets Else-May Botten til NTB.
Ho meiner gode løysingar og ein marknad for fangst og lagring av CO2 er det viktigaste Noreg kan bidra med når det gjeld å no klimamåla i Paris-avtalen.
– For å rigge oss for framtida må vi gå inn for eit fullskalaprogram for fangst og lagring av karbon, seier Botten.
Tre prosjekt
Arbeidarpartiet krev at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett har prioritert å gå vidare med dei tre industriprosjekta til Norcem i Brevik, Yara på Herøya og energigjenvinningsanlegget på Klemetsrud.
– Noreg har kompetanse, forskingsmiljø og industri som gjer det mogleg å ta ein pådrivarrolle i å utvikle ny teknologi. Globalt vil klimagassutslepp frå industrien halde seg høge utan eit omfattande teknologiskifte. Her kan vi gå i front, seier Botten.
I forslaget til statsbudsjett i fjor haust sette regjeringa av 509 millionar kroner til arbeidet med fangst og lagring av CO2. Men berre 20 millionar av dette vart avsett til å utvikle fullskala anlegg for CO2-reinsing i industrien. I statsbudsjettet for 2017 var denne posten på heile 360 millionar kroner.
Får støtte
SVs Kari Elisabeth Kaski seier ho er spent på kva som kjem i revidert nasjonalbudsjett om karbonfangst og lagring (CCS).
– Forventninga er klar: Regjeringa må levere på lovnadene sine. Det inneber tilstrekkelege løyvingar til å vidareføre arbeidet med CO2-fangst og lagring i Noreg og forprosjektering av fleire aktuelle prosjekt, seier ho til NTB.
Miljøpartiet Dei Grønnes stortingsrepresentant Per Espen Stoknes er inne på det same.
– Vårt viktigaste krav til revidert er at alle dei tre CCS-prosjekta vert ført vidare. Ifølgje Det internasjonale energibyrået vil det bli dyrare å nå målet om maks 2 graders oppvarming med mindre vi lykkast med CCS. Vi har lagringskapasitet på sokkelen og kan bruke kompetanse frå oljeindustrien til å utvikle ei ny meir framtidsretta næring, seier han.
Ba om pengehjelp
Statsminister Erna Solberg (H) anslo i fjor haust at det vil koste årlege milliardbeløp å gå vidare i det ho beskreiv som «neste fase» i arbeidet med CO2-fangst og lagring. Ho viser til at arbeidet går over frå utvikling og utgreiing til vedtak om utbygging og drift.
– Det er no bygginga skal skje. Vi har ikkje dei nøyaktige tala på bordet no, men det er ikkje tvil om at det vil koste mange pengar, sa ho då temaet var oppe i spørjetimen i oktober.
Allereie då varsla ho at regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med eit endeleg svar i vårsemesteret og seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett. Så seint som i april vart kostnadene ved prosjekta på nytt problematisert – denne gongen av olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp).
Under ein større energikonferanse i Berlin møtte han EUs energikommissær Maros Sefcovic og gav uttrykk for eit ønske om økonomisk støtte frå EU.
– Dette er eit tungt løft for eitt land. Det var hovudbodskapen min til Sefcovic i dag, sa Søviknes til NTB etter møtet. (©NPK)