– Digitale hjelpemiddel kan hindre læring
Fransklærarforeininga meiner digitale hjelpemiddel får for stor plass i dei nye læreplanane i framandspråk. Dei meiner at hjelpemidla kan hindre læring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I Danmark har det gått så langt at elevane kan bruke Google translate som hjelpemiddel på eksamen, då blir det heile litt meiningslaust, seier Ingvild Nielsen, leiar for Fransklærarforeininga i Norge.
Foreininga har sendt innspel til høyringsrunden om dei nye kjerneelementa i framandspråk. Dei meiner forslaget går for langt i å trekke fram digitale hjelpemiddel som nøkkelen til språklæring.
I grunngjevinga skriv arbeidsgruppa bak planen mellom anna dette:
«vi mener at fremmedspråkene står i en særstilling når det gjelder hensiktsmessig bruk av digitale verktøy fordi det gir unike muligheter til autentisk kommunikasjon, tilpasset læring av fremmedspråket og tilgang til målspråkkulturene. Hensiktsmessig bruk av språkteknologi og digitale medier krever selvstendighet og dømmekraft.»
– Eg forstår ikkje at språkfaga skal ha så mykje større nytte av teknologi enn andre fag. I verste fall blir vi pressa til å bruke teknologi som ikkje fremmer språklæring, seier Nielsen.
Vil ha todelt eksamen
Som lærer ser ho at elevar brukar tenester som Google translate til å sette om tekst frå engelsk til fransk og fransk til engelsk, eller direkte til og frå norsk.
- LES OGSÅ: – Læreplanen må slankast endå meir
– Til slutt blir det for få grunnar til å lære språket, for ein kan alltid bruke hjelpemiddel til det skriftlege. Sjølv om vi i Noreg ikkje kan bruke Google translate, er det mange som ikkje bryr seg med å lære ord og struktur, for dei kan finne dei i bøkene undervegs, seier Nielsen, som tar til ordet for ein todelt eksamen der den eine delen er utan hjelpemiddel.
– Då må elevane også kunne produsere tekst på eiga hand.
Nielsen meiner at formuleringane i kjerneelementa er unødvendige. Lærarane har alle moglegheiter til å bruke digitale hjelpemiddel i dag, ved å planfeste dei blir det ein slags tvang.
– Vi skal sjølvsagt bruke digitale hjelpemiddel, men når kjerneelementa legg så stor vekt på dei kan dei ta bort moglegheita for læraren til å gjere andre val, seier Nielsen.
Munnleg og framtidsretta
Ho meiner kjerneelementa blandar saman kva som er nyttige verktøy for lærarar og kva som er nyttig for elevar, og viser til punktet om at elevane skal finne autentiske tekstar på framandspråket dei skal lære seg.
– Dei franske tekstane som elevane søker seg fram til på nett blir fort for vanskelege, og då tyr dei til tenester som Google translate, men lærarane kan sjølvsagt bruke nettet til å finne tekstar som er tilpassa rett nivå.
Fransklærarforeininga saknar heller meir merksemd til munnlege språkevner.
– For å vere framtidsretta meiner vi det er lurt å tenke meir munnleg, seier Nielsen.
I høyringsinnspelet skriv foreininga at «muntlige ferdigheter bør fremheves mer på alle nivå … Å ytre seg på et fremmedspråk er en skapenede ferdighet basert på rammer og struturer. Samtidig får man autentiske tilbakemeldinger på ytringene sine. Fremmedspråksopplæringen er en spesielt god arena for muntlighet og retorikk.»
Les fleire saker om fagfornyinga og dei nye læreplanane her.