No stig renta hos Lånekassen
Frå 1. mai vil alle fastrentene i Lånekassen vera høgare enn den flytande renta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den flytande renta vil då vera på 2,159 prosent, opplyser Lånekassen i ei pressemelding.
Fastrentene blir høgare enn den flytande renta frå 1. mai. Renta blir 2,315 prosent for tre års bindingstid, 2,677 prosent for fem år og 3,144 prosent for ti år.
- LES OGSÅ: Studentar går kraftig i minus
Samanlikna med nivået i dag stig alle dei tre fastrentesatsane på studielånet med mellom 0,16 og 0,24 prosentpoeng. Femårsrenta stig mest, frå 2,433 prosent til 2,677 prosent.
– Det siste året har fastrentene vore veldig stabile og låge. No er det første gongen på over eit år at det er ei større renteendring, seier seniorrådgjevar Magnus Andersen i Lånekassen.
Kundar som ønskjer å binda renta frå 1. mai, kan gjera det i perioden 10. til 17. april. Alle som skal søkja om fastrente, gjer det på heimesidene til Lånekassen.
I alt 615.300 av tilbakebetalarane til Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, mens 57.200 har fast rente.