Studentar går kraftig i minus

Ein gjennomsnittsstudent som berre lever på studiestøtte, går med om lag 3.500 kroner i underskot kvar månad, viser ei undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bak undersøkinga «Ung 2014» står banken Nordea. Forbrukarøkonom Elin Reitan i banken seier til Finansavisen at ho fryktar at utviklinga kan skape eit klasseskilje.

LES OGSÅ: Droppar studiestøtte i 11 månader

Mange fullfører ikkje
– I Noreg skal det vere utdanning for alle, men det viser seg at det berre er dei som får støtte heimanfrå eller har jobb, som kan skaffe seg god utdanning, seier ho.

Studiestøtta blir rekna ut for ti månader av året, og studentane kan tene opptil 150.000 kroner før Lånekassa avkortar støtta.

Leiar Anders Kvernmo Langset i Norges Studentorganisasjon seier til avisa at han ikkje er mot at studentane arbeider ved sida av studia, men at dårleg økonomi kan forklare kvifor så mange studentar ikkje fullfører studia sine.

Så mange som 42 prosent av dei som starta studiet sitt i 2001/2002, hadde ikkje fullført graden sin ti år seinare, opplyser Langset. (©NPK)

LES OGSÅ: Rekordlåg rente på studielånet