Matsvinn er eit større problem enn plastavfall

Ni av ti nordmenn trur plastavfall er eit større miljøproblem enn matsvinn. Men da trur dei feil, ifølgje forskar Aina Stensgård i Østfoldforsking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kasting av mat er nesten alltid meir ressurs-sløsande enn bruk og kast av plastemballasje, særleg om du kjeldesorterer plasten, seier Stensgård.

Ei undersøking som Yougov har gjort for bransjeorganisasjonen Grønt punkt Norge, viser at så mange som 86 prosent av oss trur at kjeldesortert plastemballasje er meir belastande for miljøet enn kjeldesortert matavfall. Berre 14 prosent trur matavfall er det største problemet.

Matsvinnet verst for klimaet

Det burde ha vore motsett, ifølgje eit forskingsprosjekt som Østfoldforsking gjennomførte i 2016. Der kom det fram at den etbare maten kvar av oss kastar, gir nesten tre gonger så store klimagassutslepp som plasten. Mens matsvinnet svarer til rundt 112 kilo CO2-ekvivalentar, er det tilsvarande talet for plastemballasjen vi kastar, 42 kilo CO2-ekvivalentar.

– Vi må sjølvsagt alltid kjeldesortere plasten og avgrense plastbruken der det er mogleg, men dersom valet stod mellom å redusere plastbruken og å redusere matsvinnet, er det klart at klimaeffektane hadde vore størst om vi reduserte matsvinnet, seier Stensgård.

Plast betre enn sitt rykte

Plast kan resirkulerast og brukast fleire gonger, men speler òg ei rolle i kampen mot matsvinn ved å skjerme matvara mot støytskadar og sørgje for at ho held seg frisk lenger, seier Jaana Røine i Grønt punkt Norge. Foto: Johnny Syversen

Plast kan resirkulerast og brukast fleire gonger, men speler òg ei rolle i kampen mot matsvinn ved å skjerme matvara mot støytskadar og sørgje for at ho held seg frisk lenger, seier Jaana Røine i Grønt punkt Norge. Foto: Johnny Syversen

Administrerande direktør Jaana Røine i Grønt punkt seier at plastemballasje har eit ufortent dårleg rykte.

– Materiala i plastemballasjen kan resirkulerast mange gonger. Derfor er det bra at folk flest er flinke til å kjeldesortere emballasjen sin. Resirkulert plast blir nytta i alt frå snøskuffer og blomsterpotter til kontorstolar og bildelar, seier Røine.

I gjennomsnitt forbrukar kvar nordmann rundt 18 kilo plastemballasje kvart år, men kastar 42 kilo mat som kunne ha vore eten. Det samla matsvinnet i Noreg var i 2015 på vel 355.100 tonn. Av dette stod hushalda for over 60 prosent.

I Yougov-undersøkinga kom det òg fram at dei yngre i større grad enn dei eldre ser matsvinnet som eit større miljøproblem enn plasten.