Antibiotikaresistens påvist hos ville dyr i norsk natur
Det er funne bakteriar som er resistente mot antibiotika, i norske blåskjel, villrein og rådyr, ifølgje ei ny kartlegging.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Miljødirektoratet har kartlagt antibiotikaresistens i viltlevande artar spreidde over heile landet.
– Vi har førebels for lite kunnskap til å vite sikkert at funna som no er gjort, ikkje er naturlege førekomstar. Vi kan heller ikkje fastslå i kor stor grad desse tilfella vil utgjere ein høgare risiko for spreiing av slike bakteriar, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
33 prosent av bakteriane funne i blåskjel langs norskekysten, var multiresistente. Det er også funne låge førekomstar av multiresistente bakteriar i ein studie av villrein og rådyr.
I eit rådyr vart det funne ein resistent bakterie av typen ESBL. Desse er resistente mot nokre av dei viktigaste antibiotikatypane vi har, og helsestyresmaktene er spesielt bekymra for spreiing av denne bakterien. Den er tidlegare funne hos raudrev og blir sett i samanheng med menneskeleg kontakt.
Miljøet kan drive fram utvikling
Antibiotikaresistens er ein av dei største helseutfordringane verda står overfor i dag. Det er derfor omfattande arbeid både nasjonalt og internasjonalt for å redusere bruk av antibiotika både hos menneske og i husdyrhald.
I tillegg kan miljøet ha potensial til å drive fram utviklinga og spreie resistente bakteriar. Det kan skje ved at andre artar bidrar til auka spreiing, eller at miljøforhold påverkar danninga av resistens, ifølgje Miljødirektoratet.
Nybrotsarbeid
Sidan 2016 har direktoratet hatt i oppdrag å skaffe meir kunnskap om desse mekanismane og kartleggje resistente bakteriar i norsk natur.
– Dette er nybrotsarbeid i internasjonal samanheng. Det er interesse for korleis kartlegging blant viltlevande artar kan gi informasjon om rolla miljøet har i spreiing av antibiotikaresistens, seier Hambro.
Ho meiner det er viktig med vidare undersøkingar for å få meir kunnskap. Det gjeld blant anna om antibiotikaresistens forårsaka av menneskeleg aktivitet påverkar naturleg miljø og i kva grad resistens blir overført frå viltlevande dyr til husdyr og menneske.