Fastlegeforsøk gav redusert antibiotikabruk

Gruppediskusjonar og konkurranse fastlegar imellom førte saman med strengare reglar for urintestar til at fastlege-utskrivinga av antibiotika gjekk ned med 15 prosent i eit forsøk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Antibiotikasenteret for primærmedisin ved Universitetet i Oslo som saman med eit utval fastlegar i Akershus, Buskerud, Troms og Finnmark har prøvd ut nye tiltak for å dempe bruken av antibiotika.

Blant fastlegane som var med i forsøket, gjekk utskrivinga av antibiotika ned med 15 prosent. Nedgang var det òg blant fastlegane som ikkje var med i forsøket, men den var på berre 5 prosent.

– Det er gode tal, seier professor Morten Lindbæk ved Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo til forskingsmagasinet Apollon.

Bakgrunnen for forsøket er den aukande resistensen mot antibiotika hos bakteriane som gjer oss sjuke. Kvart år døyr no 25.000 europearar på grunn av antibiotikaresistente bakteriar, ifølgje tal frå EUs smittevernsenter (ECDC).

I Noreg er målet å redusere antibiotikabruken med 30 prosent innan 2020. Forsøket til Antibiotikasenteret viser at enkle grep kan gi gode resultat.

Antibiotikasenteret skal no finne ut om dei får til like gode resultat ved sjukeheimane i Hedmark, Oppland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet er at alle fylka skal med innan utgangen av 2020.