Noreg har minst antibiotikaresistente bakteriar i Europa

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 03.10.2017 10:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er både bra og svært gledeleg, og viser at godt arbeid lønner seg. Dette er resultatet av systematisk jobbing over tid og viser at god samhandling mellom næring og myndigheit både hjelper og er viktig for å lukkast, seier Birte Usland, styremedlem i Noregs Bondelag, i ei sak på heimesidene deira.

Resistensrapporten gir årleg status for antibiotikaresistens hos dyr, i mat og i fôr. 17 årlege utgivingar av resistensrapporten viser ein generell utvikling med stadig lågare førekomst av resistens, men med variasjonar mellom dyreartar og frå år til år.

Samanlikna med mange andre land er Noreg i ein unik posisjon med låge førekomstar av resistente bakteriar hos dyr, i mat og i fôr. Kun ein tiandedel av all antibiotika i Noreg går til dyr.