Meir til bistand i statsbudsjettet

Regjeringa foreslår at vi skal bruke 35,1 milliarder kroner på bistand i 2018, over éin milliard meir enn i år. KrFU og Changemaker er likevel ikkje nøgde med utviklingspolitikken.

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Auken frå budsjettet for 2017 er på 3,8 prosent. Fem hovudfelt er prioriterte: Utdanning, helse, naudhjelp, næringsutvikling og jobbskaping, og klima, miljø og fornybar energi.

Doblinga av støtta til demokrati og økonomisk utvikling på Vest-Balkan, til totalt 350 millionar kroner, er av dei viktigaste aukene.

– Det er avgjerande at landa i regionen får gjennomført eigne reformprogram slik at ein kan trygga vidare demokratisk utvikling. Det er òg ein føresetnad for vidare integrasjon i EU. Her blir det norske bidraget viktig, seier utanriksminister Børge Brende frå Høgre.

I somme av landa i Vest-Balkan har kombinasjonen av sterke økonomiske og sosiale utfordringar, samt eldre underliggande spenningar, gjeve rom for udemokratiske krefter.

Støtta til religiøse minoritetar aukar med 30 millionar kroner til 78 millionar kroner.

– Religiøse minoritetar er blant dei mest sårbare gruppene i krig og konflikt, seier Brende (H).

Meir til andre land, kutt heime

Finansminister Siv Jensen hevda i Finanstalen på Stortinget i dag at meir av statsbudsjettet kan gå til å hjelpe folk i andre land ettersom vi no har fått kontroll på innvandringa til Noreg og dermed ikkje treng like mykje på budsjettet for å integrere innvandrarar enn det vi har brukt dei siste åra.

Knut Arild Hareide frå KrF åtvara dagen før statsbudsjettet vart lagt mot nye skatteletter og kutt for fattige, både her i landet og internasjonalt. Særskilt gjeld dette bistand, omkamp om ein prosent til bistand av BNI er ikkje aktuelt for partiet, hevda han.

Regjeringa treng støtte frå KrF for å få fleirtal for statsbudsjettet, og partiet har vore nære ved å gje regjeringa ultimatum på denne saka fleire gonger dei siste åra.

Skuffa over regjeringa

Leiar for KrFU, Ida Lindtveit, er skuffa over at nivået framleis ligg under 1 prosent av BNI.

KrFU-leiar Ida Lindtveit. Foto: KrFU

– Det er snodig at regjeringa prioriterer forholdvis utvikla land som Brasil, Indonesia og Colombia så høgt i bistandsbudsjetta sine. Land i Afrika, med langt fleire ekstremt fattige og større utfordringar er prioritert ned. Tanzania, Malawi og Mosambik får stadig mindre, Uganda får nesten ikkje noko og Zambia skal Norge etter planen trekkje seg helt ut frå. Dette er dårleg prioritering der dei fattigaste landa tapar. Skal vi nå berekraftsmåla om at ingen menneske skal leve i ekstrem fattigdom i 2030, må vi ha eit sterkare fokus på land med mange ekstremt fattige i dag.

Lindtveit peikar òg på at engasjementet regjeringa har i Nord-Afrika har som mål å forebyggje migrasjonsstraumar, og kor gale dette er.

– Norsk innvandringspolitikk er noko heilt anna enn bistandspolitikk og for KrFU er det viktigast å hjelpe menneske ut av ekstrem fattigdom, avsluttar ho.

Bra at regjeringa vil ha 1 prosent

Tuva Krogh Widskjold, leiar av Changemaker.
Foto: Changemaker Norge/Flickr/CC-lisens.

– Det er bra at regjeringa no sleg fast at dei vil ha bistandsbudsjettet på 1 prosent, seier Tuva Widskjold, leiar for Changemaker, i ein kommentar til Framtida.

Ho er oppteken av ein må ta tak i dei grunnleggjande årsakene til at menneske haldast i fattigdom.

– Dersom vi ikkje jobbar med årsakene – oppdaterer skattesystemet slik at utviklingsland får skatten dei har krav på og fører en klimapolitikk som reduserar utslepp òg på heimebane – er det derimot vanskeleg å seie at Norge tek globalt ansvar, avsluttar Widskjold.