Leiaren for KrFU vil at vi no skal gå vidare og finne ut korleis bistanden skal innrettast.

mm

– Den danskleia forskinga, saman med den ferske rapporten fra NORADs sivilsamfunnspanel, syner at vi kan slutte å debattere om bistand verkar eller ikkje. Vi må heller debattere korleis bistanden bør innrettast slik at han både utgjer ein skilnad for å nå dei som treng det mest og samstundes er med på å endre strukturane som gjer at mange menneske er låst til livslang fattigdom, seier Elisabeth Løland, leiar i KrFU, til Framtida.

LES OGSÅ: Bistand bidreg til vekst

Ho gjer det klart at bistand er ei av dei aller viktigaste sakene for KrFU.

– Det er likevel heilt avgjerande for dei fattige i verda at den rike delen av verda ikkje berre betalar seg ut av det dårlege samvitet sitt, men er villige til å endre politikken sin på viktige område som handel, finans og klimapolitikk. Målet må vere at bistand ikkje lenger skal være naudsynt.

Bistand er ikke nok

– Det er positivt å få stadfesta at bistand faktisk fører til økonomisk utvikling i mottakarlanda. Då kan ein diskutere korleis vi kan gjere bistanden betre, i staden for ein lite fruktbar debatt om bistand verkar eller ikkje, seier nestleiar i Changemaker, Hanna Wernø, til Framtida.

Ho peikar òg på at bistand åleine ikkje er nok – det er ofte urettferdige strukturar som vestlege land er ansvarlege for som er årsaka til at land treng bistand.

– T.d. er den totale bistanden frå rike til fattige land på 120 milliardar dollar kvart år. Til samanlikning er internasjonale selskap ansvarlege for at fattige land årleg går glipp av 160 milliardar dollar i tapte skatteinntekter pga. mangelen på regulering av skatterapportering og skatteparadis. Då er løysinga å krevje land-for-land-rapportering for selskapa, for å kunne vite kor mykje skatt dei betalar og kvar dei betalar dette, avsluttar Wernø.

LES OGSÅ: 663.000.000 færre ekstremt fattige

Vil studere rapporten
Framstegspartiet skriv i handlingsprogrammet sitt for 2009-2013 om utviklingspolitikk mellom anna at «Tradisjonell bistandspolitikk har slått feil. Erfaringene har vist at land som har mottatt mest norsk bistand, er blitt helt avhengige av bistanden, og at bistanden har bremset nødvendige økonomiske og demokratiske reformer i utviklingsland. Forskning indikerer at utenlandske bistandspenger kan forsterke korrupsjonen i fattige land, siden det blir mer lønnsomt å arbeide for å få mer bistand enn å skape egne verdier.»

– Dette er sjølvsagt interessant og vi vil studere denne rapporten. Men vil òg syne til forskning.no som så seint som 23 februar i år hadde ein artikkel med tittelen: "Norsk bistand har ingen effekt", seier Morten Høglund, utanrikspolitisk talsmann for partiet til Framtida.

Kva veit du om Afrika? Prøv vår quiz her.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

ANNONSE