Stiller bistandsultimatum
KrF-leiar Knut Arild Hareide krever det beste bistandsbudsjettet nokosinne, skal KrF og Venstre bli med på samtalar om statsbudsjettet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
KrF og Venstre stiller ultimatum
I fjor kutta Frp og Høgre i bistandsbudsjettet, og sentrumspartia måtte etterpå kjempa innbitne for å få på plass igjen at Norge gir éin prosent av bruttonasjonalprodukt i bistand. I år er det uaktuelt for Venstre og KrF å diskutera éinprosentkravet, skriv Dagsavisen.
LES OGSÅ: Færre land skal få norsk bistand
Sandberg imot
– Venstre og KrF er ikkje med på samtalar om budsjett om det ikkje blir det beste bistandsbudsjettet gjennom tidene, varslar Hareide.
Men det kan koma skjær i sjøen. Nestleiar i Frp Per Sandberg sa sist veke til Vårt Land at éin-prosenten til bistand ikkje er heilag og at talet på mottakarland skal reduserast.
– No er det vel ikkje Sandberg vi skal forhandla med, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande. (©NPK)
LES OGSÅ: Framleis éin prosent i bistand