– Bistanden skal liggja på 1 prosent

Statsministeren lovar å halda på bistandsmålet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa kjem til å halda fast på 1-prosentmålet for bistanden i inneverande regjeringsperiode, seier statsminister Erna Solberg (H).

– Vi har ingen planar om å endra på dette målet, sa Solberg på eit møte om FNs tusenårsmål fredag. Ho viser til at dette er ei viktig sak for samarbeidspartia til regjeringa; KrF og Venstre.

Statsministeren strekar likevel under at målet om at bistanden skal vera 1 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP), ikkje må bli opphøgd til eit mantra.

– Det er like viktige å føra ein god politikk som å stira på den eine prosenten. Handel er til dømes vel så viktig, seier Solberg. (©NPK)