Slik skal dei få éin million nynorskbrukarar innan 2050
Kan vi få teksting av «Kvit lotus», ein eigen språkminister og nynorskklassar i alle storbyane i løpet av dei neste 24 åra? Noregs Mållag har i alle fall trua.
– I 2050 håpar eg at barna mine kan gå i nynorskklasse i Oslo.
Det seier Sebastian Nativk (23), leiaren i Norsk Målungdom. Framtida.no møter han saman med leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, på eit hotell ved Gardermoen, like før det brakar laus på landsmøtet deira, 24.–26. april.
Dei er der nytt arbeidsprogram for dei neste fire åra.
Eitt av dei store måla er å få éin million nynorskbrukarar innan 2050.
Då er dei to leiarane 47 og 61 år.
Det er meir ambisiøst enn nokosinne, men Natvik meiner det er bra at målrørsla er meir offensive.
– Vi skal ikkje berre sløkke brannar, vi skal ekspandere kjerneområda i staden for å berre tenke på dei meir utsette randsonene.
Vil doble nynorskingar
Rundt ti prosent av nordmenn brukar nynorsk når dei sjølv får velje, ifølgje ei 2024-undersøking frå Språkrådet. Det vil seie at vi kan rekne med 500 000 til 600 000 nynorskbrukarar i dag.
Om det talet skal doblast i løpet av dei neste tiåra, må det konkrete tiltak til, og Noregs Mållag veit kva dei vil satse på.
Tiltak for å nå éin million nynorskbrukarar i 2050
Noregs Mållag skal:
- doble rekkevidda for innhaldet sitt i sosiale medium
- arbeide for at alt språk som møter deg på digitale einingar som mobil og PC, er på nynorsk
- krevje at det blir oppretta ein fast nynorskklasse sentralt i dei største kommunane, utan minstekrav til elevtal. Fyrste steg kan vere å gjennomføre ei forsøksordning med ein modellkommune.
- få staten til å utvikle eit eige skriveprogram til bruk i skulen
- innføre at lærarstudentar skal ha nynorsk som arbeidsspråk på studiet, slik at minst halvparten av skriftlege arbeidskrav på lærarutdanningane må leverast på nynorsk
- arbeide for at det vert skapt eit statleg insentiv til dei som vil publisere forsking på eller om nynorsk
- stille krav om at ein fjerdedel av tekstinga hjå strøymetenestene skal vere på nynorsk, slik at alle skal kunne lese både bokmål og nynorsk i undertekstar på desse plattformene
- få i stand ei «Heile Noreg les nynorsk»-ordning, saman med Kulturdepartementet og/eller Kunnskapsdepartementet, der alle innbyggjarar får ei gratis nynorskbok ein gong i året
- arbeide for at staten opprettar eit språkpolitisk råd for organisasjonar som representerer minoritets- og mindretalsspråk i Noreg
- krevje at regjeringa oppnemner ein eigen språkminister som skal ha øvste ansvar for språk på tvers av departementa
- arbeide for at Utdanningsdirektoratet (Udir) vert flytta nærare det nynorske kjerneområdet, t.d. Bergen
Dette er tiltak som er markerte som «Noreg 2050»-måla i arbeidsplanen til Noregs Mållag.
Nokre av dei mest oppsiktsvekkande måla deira er ein eigen språkminister, å flytte Utdanningsdirektoratet (Udir) til Bergen, faste nynorskklassar i alle dei største kommunane og ein fjerdedel teksting på nynorsk på alle strøymetenestene.
Då tenker dei ikkje berre NRK og TV2, men også på HBO, Netflix og dei andre som gjer inntog i Noreg.
– Ideelt sett er det jo dei store internasjonale gigantane, men det er klart det er vanskelegare å regulere dei enn dei norske mediehusa, seier Peder Lofnes Hauge.
Han kan drøyme om dei store kassasuksessane som White Lotus med nynorsk teksting, men det overordna målet er tydeleg.
– Den viktigaste gjennomgangsmelodien er at vi jobbar for meir nynorsk på ulike område i samfunnet, smått og stort.
Ser til Cymru
Men kvar i all verda kjem million-målet frå?
I fjor var ein representant frå Comisiynydd y Gymraeg, eller Welsh Language Commisioner, det walisiske svaret til Språkrådet, på besøk i Noreg. Ho greia ut for målrørsla om deira eigen strategi Cymraeg 2050, som er vedteken av nasjonalforsamlinga til landet.
Der har dei to store språkmål fram mot 2050:
- Dei vil at éin million walisarar skal kunne prate walisisk.
- Dei vil doble kor mange som pratar walisisk dagleg frå 10 prosent til 20 prosent.
Ved folketeljinga i 2021 sa 538 000 av dei rundt 3 millionane walisiske innbyggjarane at dei kunne prate walisisk. Færre hadde eit godt nok ordforråd for å ha lengre samtaler.
Dette inspirerte målfolket i Noreg, der det er ganske liknande tal for nynorsk, og det nye arbeidsprogrammet er tydeleg påverka av den walisiske strategien.
Minoritetsspråket nynorsk (og andre)
Men kan ein samanlikne minoritetsspråka på dei britiske øyane med nynorsk i Noreg?
– På nokre område er dei jo ulike, men det er klart at det å vere i mindretal, det er likt uansett kva mindretal det er snakk om, seier Lofnes Hauge.
Han viser til konferansar der han har høyrd ulike språkgrupper snakke om behovet for støtte og tiltak frå styresmaktene sine.
– Det gjeld også for nynorsken. Nynorsken er eit mindre brukt språk enn bokmålet, sjølv om vi er eit stort språk i verdssamanheng, og treng særleg vern.
Det er noko av grunnen til at dei også inkluderer dei offisielle minoritetsspråka og andre mindretalsspråk i strategien, og skal arbeide for å få oppretta eit eige statleg språkpolitisk råd for interesseorganisasjonane til desse språka.
Ein språkminister ved kongens bord
Ein tydeleg tråd gjennom intervjuet er at språkpolitikken må løftast opp på fleire nivå i Noreg. Korkje Målungdommen eller Mållaget er nøgd med korleis språk ofte hamnar mellom to stolar når dei tek kontakt med styresmaktene i Noreg.
Eit punkt som er ganske direkte teke frå Wales-strategien, er ønsket om ein eigen språkminister.
– Meiner de då ein statsråd med eit eige departement for språk?
– Det er det som er meint, stadfestar Lofnes Hauge.
Akkurat no er språkpolitikk Lubna Jaffrey (Ap) sitt ansvar som Kultur- og likestillingsminister, og mållagsleiaren synest at ho gjer ein god jobb på mange område.
Likevel:
– Vi kunne fått endå meir kraft i språkpolitikken dersom vi hadde éin statsråd som var dedikert til å jobbe med språkpolitikk, følgje det opp, samordne på tvers av sektorar, og rett og slett sitje rundt kongens bord med eitt ansvar: Språka våre.
Sebastian Natvik skyt inn at veldig mange av departementa allereie må ta stilling til utruleg mange språkting. Når Målungdommen til dømes tek kontakt med digitaliseringsministeren for å prate om nynorsk på nett, kan dei få beskjed om at det er eit anna departement sitt ansvar.
– Så blir vi sendt her og der, medan ein språkminister ville hatt ansvar for alt dette, seier Natvik.
Kan nynorskelevar vere late?
Dei fleste av dei store ambisjonane er i skulen. Om Noreg skal få fleire nynorskbrukarar, må dei halde på dei som har det som hovudmål i grunnskulen, og gjere det lettare å bli god i språket utanom kjerneområdet.
– Eg byrja jo på vidaregåande skule i Bergen, og då var eg den einaste som brukte nynorsk i klassa mi, fortel Sebastian Natvik.
Då han fekk skipa Katten målungdom med dei andre nynorskelevane på skulen, merka han fort at dei hadde dei same problema.
– Ikkje berre at vi var dei einaste, men at vi såg veldig mange venar som byrja på same skule som bytta hovudmål etter kvart fordi det var lettare for dei.
Grunnane var kjende. Alt på tavla er på bokmål, undervisninga er på bokmål, og det var lettare å ikkje måtte kjempe den kampen.
– I stor grad berre skjer det, eigentleg. Du tek ikkje eit aktivt val for å byte, men du må ta eit aktivt val for å halde fram, seier Natvik.
Det er noko Peder Lofnes Hauge vil ha slutt på.
– I delar av Noreg forventar vi at desse unge elevane skal vere superheltar som skal gå den ekstra mila for å halde på nynorsken, og det synest eg dei skulle sleppe. Det må vere like enkelt å halde på nynorsken som å stå løpet ut i bokmålet.
– Du skal kunne vere ein lat nynorskelev?
– Det må vere lov å vere litt lat nynorskbrukar, men likevel få ei kvalitativt like god lese- og skriveopplæring, konkluderer Lofnes Hauge.
Dei vil også leggje større krav på lærarutdanninga. Alle lærarstudentar, ikkje berre norsklærarane, bør ha undervisning og innleveringar på nynorsk, ifølgje Mållaget.
Grunnen er enkel for Lofnes Hauge: Alle lærarar kan bli tilsett i ein nynorskkommune. Alle lærarar kan få nynorskelevar i klassa si, uansett kvar dei er i landet.
– Det å ha kompetanse i å undervise i og på nynorsk meiner eg er heilt avgjerande for om du er kvalifisert til å undervise i norsk skule, seier han.
Nynorskklassar midt i bokmålsland
Elevar skal kunne velje nynorsk, uansett kvar dei er i landet, inkludert veldig etablerte bokmålsområde. Om Mållaget får det som dei vil, kan det bli unnatak for regelen om at du må ha ti nynorskelevar for å etablere ei eiga klasse i dei største byane.
Dette har dei prøvd før.
Det var ei nynorskklasse i Oslo tidlegare, men i fjor var det berre to elevar i grunnskulen i kommunen, ikkje i nærleiken av kravet. I Bergen har kommunen prøvd dei siste åra, men ikkje fått nok interesse.
Lofnes Hauge har ikkje noko spesifikt tal på kor mange elevar som skal til for å få eit godt sosialt læringsmiljø, men han meiner ein må kunne gjere unnatak.
– La oss seie at foreldre tek initiativ til å opprette ei nynorskklasse og får sju elevar. Då må ein kunne gjere unnatak frå opplæringslova og la desse sju elevane få eit trygt nynorsk læringsmiljø i eiga klasse.
I løpet av skuleløpet kan då kanskje fleire byte til nynorsk, og elevtalet kan auke. Natvik i Målungdommen drøymer at det til slutt kan bli slik i hovudstaden, der han bur.
– Eg veit at studentmållaget var veldig organiserte på dørbanking. Ein burde ikkje måtte organisere så mykje for å få til ei nynorskklasse.
Det er ikkje noldus å bruke nynorsk
Walisisk har ein stor fordel over nynorsk når det kjem til million-målet: Dei har med seg dei offisielle styresmaktene i landet, med pengane det fører med seg. Førebels har Noregs Mållag ein jobb med å få med maktpersonar på laget sitt.
Men sjølv det hjelper ikkje om folk ikkje er gira på nynorsk.
Lofnes Hauge meiner det har endra seg dei siste tiåra, og med norsk under press frå engelsk, er folk flest meir medvitne om norsk og språket som ein viktig del av identiteten.
– Haldninga til nynorsk er betre i dag enn han var for berre ti til femten år sidan, og Mållaget er i vekst.
Noregs Mållag har vore over 16 000 medlemar to år på rad, og må gå førti år tilbake i tid for å finne liknande tal. Norsk Målungdom må også ni år tilbake for å finne like gode medlemstal for seg sjølv, og kan stadfeste at dei er ein av ungdomsorganisasjonane som har kome seg skikkeleg etter korona.
Det er ein annan situasjon enn i 2008, då det at Mållaget fekk førti nye medlemar på to dagar, fordi dei vart harselert med i Ut i vår hage, førte til overskrifter.
Nynorskverda på nettet
Ivar Aasen med pønkesveis og slagord som «Legg om til nynorsk, elles er du ein noldus» var kanskje det som måtte til for 18 år sidan, men i dag er det større utfordringar for å nå ungdommen: Heile den digitale kvardagen deira, der dei nesten aldri møter nynorsk.
Sebastian Natvik fortel at det er fleire ting som er vanskeleg med sosiale medium.
– Det er umogleg for oss å kome i kontakt med Facebook, Snapchat også vidare, så vi har løfta fleire av dei norske, som Spond og Hudd, men unge er jo ikkje der. Og det er jo stort sett brukargenerert innhald ungdom ser.
Dei løftar opp gode føredøme med dialektprisen, men innrømmer at det er vanskeleg å peike på kva nøyaktig som skal til for å få opp innhaldet på nynorsk på plattformer som TikTok, Snapchat og Instagram.
– Haldningskampanjar! Kanskje vi må leige inn eit dyrt reklamebyrå frå Oslo, tullar Lofnes Hauge, med referanse til Ut i vår hage-sketsjen.
Med eit rekordstort mållag på landsmøte, finn dei kanskje fram til nokre andre løysingar?
Dei er i alle fall begge klare for noko større dei neste tiåra enn å krangle med institusjonar som ikkje gir eksamen på nynorsk, eller debattere mot endring av skulemål og halde interpellasjon i kommunestyre rundt om i landet.











