Mindre nynorsk i NRK i 2025: – Kjipt å sjå

NRK hadde ein liten vekst i nynorsken på nett, men gjekk ned på dei andre flatene.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg synest det er synd at vi hadde mindre nynorsk totalt sett i NRK i 2025 enn vi hadde i rekordåret 2024, men sjølv om auken av nynorsk på nett er liten, så er eg ekstra glad for at vi har meir tekstinnhald på nynorsk enn tidlegare.

Det uttalar språksjef i NRK Karoline Riise Kristiansen i ein e-post til Framtida.no.

Språksjef Karoline Riise Kristiansen. Foto: Ole Kaland/ NRK

Framtida.no har bede NRK om tala for nynorskbruken på flatene deira i 2025. Oversikta viser at NRK heller ikkje i fjor nådde kravet.

Mindre språkmangfald

Totalt hadde NRK 26,6 prosent nynorsk på flatene sine i 2025, men kravet til NRK er at det skal vere minst 25 prosent nynorsk på kvar av dei tre plattformene TV, radio og nett.

I fjor var det berre på TV NRK nådde kravet, med 28 prosent nynorsk. Det er likevel ein nedgang frå 2024, då NRK hadde 29,4 prosent nynorsk på TV.

KVA SKJER? Framtida.no leita gjennom mange av dei store, norske produksjonane i NRK TV utan å finne teksting på nynorsk. Når det kom til britisk krim hadde vi større hell. Skjermbilete NRK TV.

Også på radio har nynorskprosenten minka, frå å nå kravet i 2024 med 25,2 prosent, til 23,3 prosent i 2025.

– Vi tekstar godt over 25 prosent nynorsk kvart år, så nedgangen på TV og radio skuldast at vi har for lite språkmangfald, dialekt og nynorske stemmer i innhaldet vårt. Det er nedgangen på TV og radio som gjer at vi har gått ned totalt, forklarar språksjef Kristiansen.

Dialektbruk tel med i delar av nynorskprosenten på TV og radio.

Graf: NRK

På nett kan kringkastaren juble for ein liten auke, frå 23,2 til 23,4 prosent. Dei er likevel under kravet om 25 prosent.

Produksjonen av artiklar på NRK.no er svært høg, og den enkle grunnen til at vi ikkje når målet på nett, er jo at vi ikkje har nok artiklar på nynorsk, skriv Kristiansen.

– Kjipt å sjå

– For meg er det heilt klart aller viktigast å ha ein god nynorskprosent på NRK.no. Det er jo der ein ser nynorsk.

Det seier Sebastian Vinsent Natvik i Norsk Målungdom når Framtida.no presenterer dei siste nynorsktala til NRK for han.

Målungdomsleiaren fortel at dei mot slutten av fjoråret hadde eit møte med NRK, der dei fekk eit anna inntrykk enn det dagens fasit viser.

– Det er jo kjipt å sjå at dei har gått litt ned.

Leiar i Norsk Målungdom, Sebastian Vinsent Natvik. Foto: Norsk Målungdom

Han synest det er positivt å sjå at større artiklar og grafiske satsingar som når ut til mange, har vore på nynorsk det siste året.

NRK brukte nynorsk i fleire store grafiske satsingar. Skjermbilete NRK.no

Det er også dei sakene språksjefen i NRK trekker fram når Framtida.no spør om ho kan nemne nokre større produksjonar som nyttar nynorsk.

Ho viser til visuelle satsingar som «Slik stemte vi», «Sjukt sjuke», «Fruktbarheitsfallet» og «Handelskrigen».

– At fleire, lange saker med mange hundre tusen unike brukarar og over ein million sidevisningar, er på nynorsk og når ut til så mange, er veldig viktig for det nynorske språket, skriv Kristiansen.

Dette vil dei halde fram med å prioritere.

Kunstig intelligens?

Språksjefen understrekar at NRK skal styrke og utvikle norsk språk, og at det difor ikkje berre er å «trykke på knappen» for å omsette tekstar til nynorsk ved hjelp av språkteknologi.

I 2025 har dei tatt spesielt tak i kvalitetssikring av artiklar, fortel ho.

Ho trekker fram Nynorskhjelparen, ei teneste der journalistar som ikkje er heilt trygge på nynorsk eller som brukar språkteknologi til å omsetje tekstar, kan få hjelp.

Dagen før intervjuet, fekk Natvik i Målungdommen tilsendt eit innlegg frå Reddit, der ein brukar spør om NRK nyttar kunstig intelligens (KI) for å skrive nynorsk.

– Nokon hadde delt ein ganske flau ting som NRK hadde sendt ut, fortel han.

Han viser til ein nyheitsnotis som tilsynelatande har vore delt på NRK.no, med setninga «Her er ei stramma og språkvaska nynorsk utgåve» som ein del av teksta.

– Viss det er slik at dei brukar KI, så er det jo veldig skuffande. Det er jo eit godt tiltak at fleire kan sjå nynorsk, men viss det berre er generert av ein språkmodell som vi veit skriv utruleg dårleg nynorsk, og bokmål for så vidt, kunne ein nesten like godt droppa det, seier Natvik.

Framtida.no har ikkje sett den originale nyheitsmeldinga som blir vist til på Reddit. Setninga er no ikkje med i notisen på nettsida.

Språksjef Kristiansen avkreftar at NRK brukar KI i omsetjingsarbeid frå nynorsk til bokmål.

– Men som mange andre så brukar også vi språkteknologi/Nynorskroboten frå NTB til å omsette frå bokmål til nynorsk, og denne er regelbasert. Men vi brukar KI som arbeidsverktøy i NRK til andre ting, i tråd med NRKs eigne retningslinjer for bruk av KI, slik som for eksempel å gjere lange, kompliserte setningar enklare.

Skjermbilete Reddit

Det er ifølgje språksjefen det som skal ha skjedd i tilfellet som blir vist til på Reddit, før notisen ved eit uhell blei publisert for tidleg.

– Men vi brukar altså ikkje KI til å omsette bokmål til nynorsk.

Den draumen om ein sunn nynorskprosent

For å kome opp på 25 prosent nynorsk på alle flater, vil NRK halde fram med å styrke nynorskkompetansen og nynorskbruken på tvers i NRK.

– Draumen er at vi skal få ein sunn nynorskprosent på sikt, at vi skal ha god nynorsk og nok nynorsk på alle NRKs tre flater nett, TV og radio, uttalar Kristiansen. 

Framtida-journalisten klarar ikkje å dy seg når Olav H. Hauge-referansen snik seg inn i hovudet, og spør målungdomsleiaren:

– Kva er den draumen du ber på for NRK? 

– Eg ber jo på mykje av den same draumen. Éin ting er jo om ein kan nå desse 25-prosentmåla i ny og ne, men det som er viktig, er at det er stabilt og at det ikkje ligg på enkeltpersonar, og at bokmålsbrukande journalistar kan vere trygge i at dei kan skrive nynorsk dei òg, svarar Natvik.