Team Bravo får årets Gullbarbie
Personleg trenar-laget Team Bravo får kritikk for marknadsføringstaktikkane sine overfor born og unge. – Ein sunn kropp er veldig mykje meir enn det sosiale medium og influensarar vil at vi skal tru, skriv Press.
Team Bravo får årets Gullbarbie, kunngjer Press – Redd Barna Ungdom fredag. Press deler ut prisen til dei som er «best på å få ungdom til å føle seg verst».
Press kritiserer marknadsføringstaktikkane til Team Bravo. Dei hevdar Team Bravo frontar innhald som prøver å selje ei usunn haldning til kropp, helse og trening, direkte retta mot born og unge.
– Vi kan ikkje akseptere at fitnessinfluensarar skal få diktere kva som er ein pen kropp, eit godt kosthald eller rett trening. Fysisk aktivitet er ekstremt viktig, men det er så mange fleire måtar å vere sunn og i aktivitet på enn det vi ser på TikTok og Instagram, slår Press fast.
Dei skriv at ein sunn kropp ikkje treng å bety premium-medlemskap på Sats, kroppsbygging og kosttilskot.
– Ein sunn kropp er veldig mykje meir enn det sosiale medium og influensarar vil at vi skal tru.
Alle dei nominerte til årets kåring er i fitness- og kosthaldsbransjen.
Framtida.no har bede om ein kommentar frå styreleiar Benjamin Fraugerud, utan å få svar.
Tidlegare vinnarar av Gullbarbie
- 2025: Gutta Sprut
- 2024: Shein
- 2023: Ex On the Beach
- 2022: Brandy Melville
- 2021: Sophie Elise AS
- 2020: Blogg.no
- 2019: Victoria’s Secret
- 2018: Bik Bok
- 2017: Nettavisen
- 2016: Dagbladet
- 2015: Elevkalenderen, som blir delt ut til elevar ved skulestart
- 2014: Russekledeprodusenten Russedress
- 2013: Victoria’s Secret
- 2012: Klesmerket Jack & Jones
- 2011: Klesmerket Diesel
– Ekstremt problematisk
Press trekker fram at marknadsføringa innanfor fitnessbransjen, med rabattkodar på kosttilskot og treningstøy, videoar om diettar og kosthald, aukar i omfang.
Organisasjonen meiner Team Bravo er eit eksempel på eit større problem med marknadsføring i sosiale medium. Dei saknar tydelegare avgrensingar for kva influensarar kan lage innhald om. I 2021 vart Fagutvalget for influencermarkedsføring (FIM) oppretta som eit klageorgan som skulle bidra til ansvarleg praksis og redusere kroppspress, men Press skriv at dette har vorte lagt ned på grunn av manglande arbeid.
– Det er ekstremt problematisk at det ikkje finst nokon som tar eit reelt oppgjer med marknadsføringa til influensarar i sosiale medium, anna enn oss i Press, skriv dei i pressemeldinga.
Både Noreg og EU har mange og strenge reglar for marknadsføring, men Press meiner dei ikkje vert tekne seriøse, og at aktørar som bryt dei, ikkje blir straffa.
Press ønsker at eksisterande lovverk vert handheva og at lovbrot vert straffa. Dei vil ha auka fokus på influensarmarknadsføring og reklame basert på overvaking, og dei vil jobbe for at reklame skal vere tydelegare merka i sosiale medium.
Ønsker eit oppgjer
Team Bravo har ikkje har svara på kritikken Press har lagt fram.
– Vi håpar at Team Bravo tar til seg kritikken frå oss, og er villige til å endre seg. Endå viktigare håpar vi at alle marknadsføringsaktørar som kjenner seg treft av denne nominasjonen, tar eit oppgjer med eiga marknadsføring og promotering dei leverer til eit veldig ungt publikum, skriv dei.







