Anna (18) og Marthe (18) er i salen under rettssaka mot Høiby

Samtykke, rus og sovevaldtekt er spesielt aktuelt for tenåringane som snart går inn i russetida.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er ganske spennande, for det har vore mykje om denne saka i media, så det å skulle følgje ho så tett er interessant.

Det seier Marthe Branem-Lindgård (18) til Framtida.no utanfor Oslo tingrett, like før Marius Borg Høiby (29) skal forklare seg onsdag 4. februar.

Medelev Anna Mikala Falch (18) er einig, og meiner det er spesielt spennande med ei sak som tek for seg overgrep.

– Det er openbert eit veldig viktig tema som vi no får sett ganske tett, og eigentleg ei ganske relevant sak i samfunnet i dag.

Dei er begge tredjeklassingar ved Otto Treider Private Gymnas i Oslo, og som ein del av faget rettslære 2 har dei fått høve til å bli med inn i Oslo tingrett og følgje rettssaka mot den eldste sonen til kronprinsessa.

Sju veker med rettssak

Den mykje omtala rettssaka mot Marius Borg Høiby starta tysdag 3. februar. Høiby er blant anna tiltala for valdtekt, kroppskrenking, og mishandling i nære relasjonar, ifølgje VG.

Det er ni fornærma i saka, inkludert seks kvinner, ein mann i 20-åra og to politibetjentar. Ei av dei fornærma er influensar-profil Nora Haukland, som var kjærast med Høiby frå 2022 til 2023.

Rettssaka mot 29-åringen skal vare i sju veker, fram til 19. mars, og blir dekt av ei rekkje norske og internasjonale medium.

Prioriterer historisk rettssak

– Dette er ei sak det ikkje kjem så mange av, seier jurist og tidlegare advokat Karianne Fagerlund Jensen på telefon til Framtida.no etter første dag i retten.

Jensen underviser i rettslære ved Otto Treider Private Gymnas i Oslo, og har jobba for at elevane hennar skal få tilgang til tingretten og observere den historiske saka.

– Veldig mange av tiltalepostane i denne saka dreier seg om rein og skjær pensumrepetisjon eller bruk i praksis, så det er gull verdt for elevane, poengterer ho.

Læraren viser til at seksualbrotsverk har kome inn som eit eige tema etter fagfornyinga, og fortel at dei har repetert både strafferett og erstatningsrett, før saka starta.

Samtykke, rus og sovevaldtekt er også spesielt aktuelt for tenåringane som snart går inn i russetida.

Skulen har lagt til rette for at elevane kan bruke tid på å gå i retten, og Jensen kjem til å bruke minst tre veker på å følgje dei forskjellige klassetrinna inn.

– Så spring eg fram og tilbake og underviser når det er lukka dører.

Utanlandsk merksemd

Elevane er spesielt overraska over medietrykket. Måndag var det lang kø for å skaffe tilgang til rettssalen, og det er 200 akkrediterte journalistar som skal dekke saka, ifølgje NRK.

– Eg trudde det kom til å vere norske medium her, men det at det er så mange frå ulike land som har lyst til å følgje saka, og som er interessert i korleis Noreg handterer dette, er veldig spesielt og rart, seier Falch.

Når Framtida.no møter opp utanfor tinghuset, hukar tyske journalistar tak i forbipasserande og spør dei om både rettssaka og kronprinsesse Mette-Marit.

Falch skildrar stemninga som spissa inne i sjølve rettssalen, der dei må vere rolege og ikkje forstyrre.

– Folk som ikkje kan norsk eingong kjem og følgjer rettssaka, sjølv om dei ikkje får med seg alt som blir sagt, legg Branem-Lindgård til.

For å få lov til å kome inn, må dei ha eit eige kort som dei viser fram etter å ha gått gjennom ein sikkerheitskontroll, fortel ho.

– Det er litt som på flyplassen. Ein må ta av seg jakker og ta ut elektronikk og sånn.

Mogleg karriere

Så langt er det oppramsinga av lovene og forklaringa av kva brotsverk Høiby er tiltala for som har gjort mest inntrykk.

– Det var jo utruleg mange punkt og utruleg mange hendingar, seier Falch.

Ho meiner det er viktig å vite kva ein sjølv og andre har rett på i sånne situasjonar. Samstundes blir ho riven med av det som skjer.

– Ein blir jo sjølvsagt gira når ein høyrer på korleis aktor oppfører seg, korleis ein blir behandla og korleis heile rettssystemet fungerer.

Aktor er dei som representerer staten, og som skal prøve å bevise for dommarane at Høiby er skuldig i tiltalepunkta.

Branem-Lingård vurderer å ta juss vidare.

– Eg synest det er eit spennande fag, og det er noko eg har vurdert, men eg har ikkje landa heilt enno, så vi får sjå.

Sjølv om dei ikkje ender opp som advokatar, synest både Falch og Branem-Lindgård at dei får verdifull erfaring ved å sjå på rettssaka. | Foto: Åshild Slåen

Ein av dei første tinga dei har lært i faget sitt er likskap for lova, så begge håpar og trur Marius Borg Høiby blir behandla rettferdig i rettssaka.

– No er ikkje han ein del av kongefamilien, så det gjeld jo for han også, seier Falch.

– Einig. Ut ifrå det vi høyrde av innleiinga frå både forsvararane og aktor, så verka det jo som om dei understreka at ein skal bli behandla likt for lova, uansett kven ein er, seier Branem-Lindgård.

Vil du få med deg fleire aktuelle saker? Sjekk ut Vekas viktigaste.