Krev at Marilyn Manson vert fjerna frå turné

Artisten som skal varma opp for Slipknot, må på nytt møta i retten for å svara om skuldingar om seksuelle overgrep.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Artist Marilyn Manson, som eigentleg heiter Brian Warner, er booka som oppvarmingsartist til Slipknot sin (sic)est World Tour sommaren 2027.

Over 20 000 personar har i skrivande stund signert eit opprop for å fjerna Marilyn Manson frå den planlagde konserten på Wembley Stadion i London, melder BBC. 

Må svara for overgrepsskuldingar

Motstanden byggjer på at Warner skal møta i retten i november i eit sivilt søksmål der han er skulda for seksuelle overgrep mot sin tidlegare assistent Ashley Walters.

Warner har tidlegare vore skulda for seksuelle overgrep mot assistenten og fleire andre kvinner, men sakene har vorte avviste eller lagt bort. I januar i fjor vart ei fire år lang etterforsking om psykisk, fysisk og seksuell mishandling lagt bort på grunn av bevisbyrda og at sakene var langt tilbake i tid.

Sender eit dårleg signal

Underskriftskampanjen er starta av bydelspolitikar Anton Georgiou (29), som representerer Liberaldemokratane i bydelen Brent i London. Han viser til dei gjentekne skuldingane, og meiner Manson ikkje kan opptre før den pågåande saka er avgjort.

Han meiner det vil senda eit dårleg signal til folk utsette for seksuelle overgrep.

– Om herr Warner vert dømt i den komande rettssaka vil det sjå ekstremt dårleg ut for stadionet, som risikerer omdømmefall, skriv han i oppropet.

BBC skriv i saka at dei har kontakta Wembley stadion og Mansons representantar for ein kommentar.