Signe (28) har intervjua valdtektsdømde: – Det er ikkje éin type

Signe Rosenlund-Hauglid (28) har sjølv meldt ein kjenning til politiet for festrelatert valdtekt. Med kortdokumentaren Ikke en sånn fyr vil ho visa kva konsekvensar desse sakene har på den andre sida.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.10.2023 10:10

– For dei som står i det blir det opplevd som ei livskrise. Eg ville vise fram kva som kan bli konsekvensane av ei slik sak, seier Signe Rosenlund-Hauglid (28).

Dokumentarfilmskaparen er aktuell med kortdokumentaren Ikke en sånn fyr, som er tilgjengeleg på Aftenposten sine nettsider.

Filmen følgjer tre unge menn som er dømt og sonar for festrelatert valdtekt av ein kjærast eller ein person i nær omgangskrins etter inntak av alkohol.

– Alle lurer på kven det er som gjer dette, men det er ikkje éin type. Det er nesten utelukkande menn, men dei kjem frå alle moglege bakgrunnar og samfunnslag.

Rosenlund-Hauglid ser likevel eit trekk hjå dei som er dømde i slike saker. Ho peikar på at noko kan handla om avvising i romantisk samanheng, eller manglande evne til å setja seg inn i den andre sin situasjon i gjernings­augeblinken.

– Ein kan ikkje bli avvist av ein som søv.

– Eit kulturproblem

Filmen er blitt brukt i Sex og Politikk sitt undervisningsopplegg om samtykke. Han er òg teken i bruk av Røde Kors i opplæringa av visitorar til innsette i norske fengsel.

Ifølgje tal frå SSB er nesten éin av fem innsette i norske fengsel dømde for seksuallovbrot av ulik karakter. I 2020 fekk ein i snitt fire års fengsel for valdtekt, og desse innsette får i mindre grad enn andre besøk i fengsel, ifølgje Forskning.no.

Filmskaparen peikar på at ein gjerne tenkjer på ei valdtekt som eit overfall der gjerningspersonen er ein framand. Realiteten er at dei fleste valdtekter er festrelaterte valdtekter der den utsette og gjerningspersonen er i same omgangskrins, og det er alkohol involvert.

– Me må innsjå at dette ikkje handlar om nokon andre. Sjølv om dei fleste er unge, så skjer det òg blant 60-åringar på jobbfest. Det er eit kulturproblem, slår ho fast.

Personleg erfaring

11 prosent av norske kvinner rapporterer å ha vorte utsett for ei sovevaldtekt, som inneber at offeret anten var rusa eller sov. Politiet får berre kjennskap til éi av fem kvinner som har opplevd ei valdtekt, ifølgje ein rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS).

Dei vanlegaste årsakene til å ikkje melda ifrå var at det ikkje vart opplevd som alvorleg nok, at ein ikkje ville involvera politiet og at ein frykta for dei psykososiale konsekvensane.

Rosenlund-Hauglid er sjølv ein del av statistikken. For mange år sidan politimelde ho ein kjenning for festrelatert valdtekt to år i førevegen.

Saka vart lagt bort, men ho opplevde å få det betre etter å ha meldt saka, fordi ho då formelt sett gav ansvaret for det som hadde skjedd vidare.

Pårørande støttar historia

Filmskaparen har vore litt nervøs for om prosjektet kunne verta tolka som eit hemnprosjekt. For ho har målsettinga med filmen vore å belysa den andre sida av saka, og nyansera biletet av kven som er i stand til å gjera seg skuldig i overgrep.

I arbeidet med filmen har ho lese rundt 80 dommar og hatt samtalar med ei rekkje menn som er dømt for festrelatert valdtekt. For filmskaparen var det viktig at filmen ikkje skulle vera ei plattform for å reinvaska seg i den aktuelle saka, men visa fram korleis det er å stå i ei rettssak og sone ein dom i ei slik sak.

Å få personar til å stille opp i filmen var utfordrande. Mange kvidde seg for å snakka om tematikken og nokre vart frårådd det av sine pårørande.

– Dei som har foreldre og vener som stadfestar historia av at «han aldri kunne ha gjort noko slikt», har vanskelegare for å koma til ei erkjenning.

Historia om falske valdtekter

I filmen er intervjuobjekta anonymisert og spelt av skodespelarar.

Ein av dei tre var dømt for valdtekt av sin dåverande kjærast og stilte seg uforståande til dommen. Ein annan tilstod dommen fordi han fortalde at han hadde tiltru til offeret, men fortalde at han ikkje hugsa kva som hadde skjedd. Denne mannen uttrykkjer òg at offera kan lyga for å få ei pengeerstatning.

– Eg ville ha med dette fordi det er ei vanleg oppfatting at det er mange som melder falske valdtekter, seier Rosenlund-Hauglid, som stiller seg kritisk til dette.

Det finst ikkje statistikk over falske valdtektsanklager, men Rosenlund-Hauglid viser til Aftenposten som i 2018 fekk tal frå Oslo-politiet. Av godt over tusen valdtektsskuldingar eller meldingar levert i 2012-2017 var 69, etter politiet si meining, falske. 21 av desse vart etterforska, fire enda med tiltale og ein med dom.

Unntaket «Morten»

Den tredje personen skriv eit brev til venninna som vart utsett for overgrepet.

– «Morten» var unntaket. Dei fleste brukar lang tid eller erkjenner aldri kva dei har gjort. Han har no fått seg jobb og har til og med vore open om det på arbeidsplassen sin og sagt at «om nokon har nokre spørsmål, må de berre koma med dei». Eg trur det har vore godt for han, seier Rosenlund-Hauglid.

Ho meiner han er eit godt døme på korleis ta ansvar for sine handlingar.

For mange blir spørsmålet om skuld veldig svart-kvitt. Anten er du skuldig eller uskuldig. For meg var det viktig å snakka om ansvar, fordi det opnar eit rom for dialog, sjølv hjå dei som meiner dei er uskuldige.

«Morten» uttalar sjølv i filmen at det «er ein lang veg mellom overgripar og å kalla seg uskuldig».

Rus og sex

Rosenlund-Hauglid meiner det er viktig at den enkelte går i seg sjølv og reflekterer over sine eigne haldningar til rus og sex og stiller seg spørsmålet «Er eg i stand til å trakka over andre sine grenser?»

– Så treng me ei samtykkelov. Som Amnesty-seier så er det viktig med eit entusiastisk ja.

Rosenlund-Hauglid meiner ikkje jenter skal vera redd for venene sine på fest, men at det er viktig å forstå i kva situasjonar dei fleste valdtekter skjer.

Konsekvensar

Ho har eit inntrykk i at ryktespreiinga kring ei slik sak kan vera enno verre på mindre stader, knytt til begge partar.

– Ein treng ikkje jatta med, men det er ikkje sikkert det er riktig å frysa ut ein kompis som står i ei slik sak. Eit inntrykk mange har er at det ikkje er nokre konsekvensar for den som blir meldt for valdtekt, at ein berre går vidare med livet sitt. Det kjenner eg ikkje att, uansett om saka vert lagt bort er det noko mange ber med seg, seier filmskaparen.