Gullbarbie-nominasjonane: – Born skal ikkje påverkast til å telje kaloriar eller hoppe over måltid

Nominasjonane til årets Gullbarbie er klare.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Press – Redd Barna Ungdom deler kvart år ut årets «Gullbarbie» til den aktøren dei meiner er best på å få ungdom til å føle seg verst.

No er nominasjonane til årets utdeling klare.

Årets nominerte er Team Bravo, Coore og BitePal. Dei tre nominerte har til felles at dei sel produkt og tenester innanfor helse og livsstil. Les meir om grunngjevingane lenger nede i saka.

Tidlegare vinnarar av Gullbarbie

  • 2025: Gutta Sprut
  • 2024: Shein
  • 2023: Ex On the Beach
  • 2022: Brandy Melville
  • 2021Sophie Elise AS
  • 2020Blogg.no
  • 2019: Victoria’s Secret
  • 2018: Bik Bok
  • 2017: Nettavisen
  • 2016: Dagbladet
  • 2015: Elevkalenderen, som blir delt ut til elevar ved skulestart
  • 2014: Russekledeprodusenten Russedress
  • 2013: Victoria’s Secret
  • 2012: Klesmerket Jack & Jones
  • 2011: Klesmerket Diesel

– Born og unge skal ikkje påverkast til å telje kaloriar, hoppe over måltid, ekstrem trening eller å bruke kosttilskot som lovar eit fantastisk liv, skriv Press-leiar Marius Sjølyst i ei pressemelding.

– Vi må normalisere forholdet til kropp, trening og kosthald og ta eit oppgjer med det perfekte livet som influensarar sel til born og unge, slår han fast.

Les tilsvaret frå Coore under. Framtida.no har også teke kontakt med Team Bravo og BitePal, men har ikkje fått svar frå dei.

Her er dei nominerte:

Foto: Faksimile frå Team Bravo. Kollasj: Framtida
Foto: Faksimile frå BitePal. Kollasj: Framtida
Foto: Faksimile frå Coore.no og Instagram. Kollasj: Framtida

– Uklart

Gard Valderhaug, dagleg leiar og medeigar i Coore AS, skriv i ein e-post til Framtida at han er overraska over nominasjonen. Han påpeiker at snittkunden i Coore er godt over 30 år, og at produkta er retta mot vaksne som trener.

– Vi har verken i dag eller tidlegare marknadsført produkta våre mot born og unge, og dette har aldri vore målgruppa vår, skriv han.

Han meiner formuleringane om «slu reklame» og uansvarleg marknadsføring vert lagde fram utan konkrete eksempel, noko som gjer det vanskeleg å forstå kva kritikken bygger på.

Han trekker også fram at Press slår fast at Coore har vorte betydeleg betre det siste året.

– Dersom dette er vurderinga, opplever vi det som uklart kvifor nominasjonen kjem no, og ikkje tidlegare, skriv han.

Til slutt skriv han at Coore, som alle andre, har betringspunkt i kommunikasjon og marknadsføring, og at dette er noko dei jobbar med fortløpande, uavhengig av denne nominasjonen.

– Lovverket strekker ikkje til

Press skriv at vi lever i ei tid der store delar av kvardagen til born og unge skjer på nett, og der annonse- og marknadsføringslandskapet ser heilt annleis ut enn det gjorde for berre nokre få år sidan.

Born og unge vert ofre for marknadsføringsbransjen i stadig yngre alder.

– Lovverket som skal beskytte dei som er lettast påverka, strekker ikkje til. Vi treng eit lovverk og eit system som tar kommersialiseringa av oppveksten og spesielt av helsa på alvor! skriv Press.

Det finst mange og strenge reglar rundt marknadsføring og påstandar kring ernæring og helse, men Press oppfattar at lovene ikkje vert tekne seriøst. Dei slår fast at influensarar speler ei stor rolle i denne marknadsføringa.

– Influensarar med stor følgarskare blant unge skal selje ein livsstil, og dei sel desse produkta som ei nødvendigheit. Det vert sett ein prislapp på kva god helse skal bety, og helse har vorte ein trend, skriv dei.


Les meir om fjorårets vinnar: Gutta Sprut AS får årets Gullbarbie

Gutta Sprut AS får årets Gullbarbie.