Marius (16) ville ikkje gå til helsesjukepleiar fordi han frykta fråværgrensa

Dei nye fråværsreglane gjer det vanskelegare å gå til helsesjukepleiar, meiner barneombodet. – Alle elevar som treng det, bør søke hjelp, seier kunnskapsministeren.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg hadde veldig vondt i foten, og fann seinare ut at eg hadde lyskestrekk, men torde ikkje gå til helsesjukepleiar, for då fekk eg jo fråvær.

Det seier Marius Fugelsnes Ringstad (16) på telefon til Framtida.no mellom skuletimar. Han er vidaregåandeelev og ungdomsrådsleiar i Kristiansund kommune.

Etter det nye fråværsreglementet vart innført i sommar, blir ikkje lenger besøk til helsesjukepleiar rekna som eit unntak frå fråværsgrensa.

Lang reiseveg

I haust flytta Kristiansund kommune helsesjukepleiar til sentrum, som gav elevane ein reiseveg på 1,3 og to kilometer for å besøke tenesta. Seinare snudde kommunen, og flytta helsesjukepleiaren tilbake til skulane.

Før det skjedde, gjorde dei nye fråværsreglane situasjonen ekstra vanskeleg.

– Det gamle systemet var ikkje bra, men det var betre enn det vi har no, seier Ringstad.

Barneombodet er bekymra

Førre veke sende barneombodet eit brev til Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Der ber ombodet regjeringa om å endre regelverket, slik at elevar ikkje unngår å møte helsesjukepleiar fordi dei er redde for fråværsgrensa.

Barneombod Mina Gerhardsen oppmodar regjeringa å endre fråværsreglane. Foto: Barneombodet

– Det er vanskeleg å forstå at det var meininga at nye fråværsreglar skulle føre til at elevar ikkje kan gå til helsesjukepleiar. Nokre gonger får avgjerder andre konsekvensar enn det var meint og då er det viktig å rydde opp i det, seier barneombod Mina Gerhardsen til Utdanningsnytt.

Med dei nye reglane er det veldig lite fråvær som ikkje tel inn i fråværsgrensa. Unntaka er når eleven går glipp av undervisning på grunn av ein rett som står i opplæringslova. Besøk til rådgjevar vil til dømes ikkje telje.

At helsesjukepleiar ikkje er inkludert som unntak meiner Gerhardsen kan få motsett effekt frå det regjeringa ønsker, og føre til at elevane sine problem blir større og vanskelegare å løyse, som kan gje meir fråvær på sikt.

Kva tel ikkje i fråværsgrensa?

Om du går glipp av undervisning på grunn av ein rett du har i opplæringslova, tel det ikkje inn i fråværsgrensa. Ifølgje Utdanningsdirektoratet kan dette vere:

  • rådgjeving på skulen
  • utgreiing som PP-tenesta og Statped gjennomfører
  • organisert studiearbeid som er avtalt med faglærar i forkant
  • elevrådsarbeid, skuleadministrativt arbeid og deltaking på elevting i regi av Elevorganisasjonen o.l. som er godkjent av skulen
  • avtalt samtale med rektor eller andre tilsette
  • intervju til læreplass
  • særskilt, ny og utsett eksamen

I tillegg kan det vere særskilde ordningar for enkeltelevar, og rektor kan utvise skjønn om ein elev skal få karakter i eit fag trass i mykje fråvær.

Kjelde: Udir

Følgjer ikkje arbeidarpartipolitikk

AUF meiner regjeringa sine fråværsreglar er feilslåtte, må reverserast, og ikkje følgjer politikken som moderpartiet har vedteke.

– Arbeidarpartiet sitt landsmøte har vedteke at vi skal ha eit nytt reglement for fråvær som er mindre strengt, mindre byråkratisk, som er meir rettferdig for elevane og som legg opp til auka gjennomføring av vidaregåande skule, seier Sandra Tenud i AUF sitt sentralstyre på telefon til Framtida.no.

Sandra Tenud (27) er leiar av skule, arbeid og bustadutvalet, og av faglegpolitisk utval i AUF. Foto: Julia Eikeland

Ho meiner barneombodet si tilråding viser kor alvorlege fråværsreglane har blitt.

– Å søke støtte hjå helsesjukepleiar er det som gjer det mogleg å vere med på undervisning, seier ho.

11. november fremja Frp eit forslag i Stortinget om at helsesjukepleiar skal kunne skrive ut gyldig fråvær, slik regelen om 10 prosent fråvær handlar om reell eigenmelding og liknar reglane i arbeidslivet meir. Forslaget blir no behandla i utdanningskomiteen, og blir stemt over i februar.

Ingen plan om å endre regelverket

Kunnskapsministeren meiner at dei nye fråværsreglane ansvarleggjer elevar, samstundes som det er nok unntak.

– Besøk hjå helsesjukepleiar vil ikkje gjere at du mistar karakterar. La meg vere klar – alle elevar som treng det, bør søke hjelp, skriv kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i ein e-post til Framtida.no.

Kari Nessa Nordtun er kunnskapsminister. Foto: Åshild Slåen

Ho skriv at hovudforskjellen no er at elevane kan levere eigenmelding fram til dei har ti prosent fråvær i eit fag. Ved fråvær over ti prosent kan dei som før leggje fram ei stadfesting frå helsesjukepleiar på at dei har vore der.

– I tillegg er det eigne reglar for elevar som har helseutfordringar som gir auka risiko for fråvær. Ikkje minst kan rektor bruke skjønn, slik at dei på visse vilkår kan vurdere å gi ein elev karakter, sjølv om dei skulle ha fråvær heilt opp til 15 prosent.

Nordtun skriv at det er viktig at elevane er til stades i opplæringa, både for eigen del og for læringsfellesskapet på skulen.

– Kva vil de seie til kritikken frå AUF om at det noverande fråværsreglementet ikkje følgjer vedteke arbeidarpartipolitikk? 

– Nye tal viser at fråværet i vidaregåande skule er høgare no enn då fråværsgrensa i si tid blei innført. Det høge fråværet viser at det er behov for nye grep.

Departementet kjem ikkje til å følgje tilrådinga til Barneombodet med det første.

– Vi har ikkje planlagt fleire endringar i reglane no. Men det er viktig at elevane får god informasjon om reglane og dei unntaka som finst.

Ulik praksis

Tenud er ikkje nøgd med svaret frå Nordtun.

– Vi i AUF er einige med kunnskapsministeren at det må nye grep til, men eit nytt rigid regelverk er å gå i feil retning. Det regjeringa sjølv seier viser her at strenge reglar ikkje fungerer.

Barneombodet påpeiker i brevet til regjeringa at nokre skular vel å praktisere reglane annleis, og at Oslo kommune har likestilt besøk til helsesjukepleiar med besøk til rådgjevar.

«Dette meiner vi er ein klok standard som også bør gjelde nasjonalt,» skriv dei.

Forferdeleg fråværsgrense

Marius Fugelsnes Ringstad frå Kristiansund fortel at skulen hans endra praksis då helsesjukepleiar kom på skulen att. No tel ikkje administrasjonen fråvær når elevane drar til helsesjukepleiar på skulen sitt område, noko Ringstad meiner er ei mykje betre løysing.

– For oss er det no greitt, men viss du tenkjer på dei andre skulane, der du får fråvær for noko som skal vere eit lågterskeltilbod, så er det feil.

Ringstad fortel også at elevane framleis stressar over fråværsgrensa, og trur fleire heller jobbar for hardt, og seinare er meir borte frå skulen, fordi dei ikkje kan ta ei eigenmelding, slik ein kan på ein vanleg jobb.

– Ho er heilt forferdeleg, for ho funkar på heilt motsett måte frå slik ho burde funke.