Elevar skal ikkje få fråvær for besøk hos helsesøster
Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget går inn for at besøk hos skulehelsetenesta ikkje skal omfattast av fråværsgrensa.
Dermed ligg det an til at regjeringa blir pålagde å endre regelverket, opplyser Framstegspartiets stortingsgruppe i ei pressemelding.
Det er eit forslag frå Frp som ein einstemmig utdannings- og forskingskomité tysdag innstilte på å vedta.
Simen Velle, utdanningspolitisk talsperson for partiet, seier at han forventar at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) endrar regelverket raskt etter at Stortinget har gjort vedtaket sitt 12. februar.
Arbeidarpartiet stemde også sjølv for forslaget om regelendring.
– Ikkje imot fråværsgrensa
– Eg vil understreke at vedtaket ikkje inneber at Frp er imot tydelege fråværsreglar. Reglane er prinsipielt viktige for å sikre at elevane møter på skulen. Samtidig har tydelege tilbakemeldingar vist at dei nye reglane fører til at elevar lèt vere å oppsøkje helsesjukepleiar, seier Velle i pressemeldinga.
Monica Molvær i Høgre var saksordførar då komiteen behandla forslaget. Ho seier at elevar, lærar og fylkeskommunar har sagt tydeleg frå om at fråværsreglane i dag er for byråkratiske.
– Vi kan ikkje akseptere at elevar som slit, avlyser timar hos helsesjukepleiar fordi dei er redde for å få for høgt fråvær. Det er uforståeleg at besøk hos rådgivar er gyldig fråvær, medan besøk hos helsesjukepleiar er ugyldig fråvær, skriv ho i ein e-post til NTB.
– No ber vi regjeringa rydde opp, seier Molvær.
Lytta til elevane
Elevorganisasjonen-leiar Martine Løkken Svendsen meiner det er ei nødvendig regelendring.
– Ingen elevar skal måtte velje mellom helsehjelp og karakterar, seier ho i ei pressemelding.

Leiar i Elevorganisasjonen, Martine Løkken Svendsen. Foto: Elevorganisasjonen
Det at Ap har snudd i saka, meiner ho viser at politikarane har lytta til erfaringane til elevane med korleis regelverket har fungert i praksis.
Dei nye fråværsreglane tredde i kraft i fjor haust. Ifølgje Elevorganisasjonen har elevar unngått timar hos helsesjukepleiar av frykt for å nærme seg fråværsgrensa.
No ventar elevane at regjeringa følgjer opp saka slik at timar hos skulehelsetenesta ikkje skal inngå i 10-prosentgrensa per fag.






